Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent (vikariat) ved Fakultet for kunst, musikk og design

Søknadsfrist: 22.01.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Studiekonsulent (vikariat) ved Fakultet for kunst, musikk og design

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig eit vikariat som studiekonsulent (seniorkonsulent) i 100 % stilling. Stillinga er ledig frå snarast og inntil hovudstillingsinnehavar er tilbake. Stillinga er i første omgang særleg knytt til studieprogrammet i musikkvitskap og praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design (PPU), men vil og bidra i andre studieprogram og studierelaterte prosessar ved Institutt for musikk. Som studiekonsulent inngår du i ei studieadministrativ gruppe på om lag 12 medarbeidarar. Studiekonsulenten rapporterer til studiesjef ved fakultetet.

Arbeidsoppgåver:

  • Informasjon om studieprogram og læringsmiljø til studentar
  • Programadministrasjon av PPU og Musikkvitskap
  • Sakshandsaming i studieprosessar for fleire studieprogram ved Griegakademiet - Institutt for musikk
  • Rettleiing
  • Emne- og studieplanar
  • Opptaksarbeid

Arbeidsstad og arbeidsoppgåver vil kunne variere. Den som vert tilsett må og rekne med å gjere generelt sakshandsamingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • God kjennskap til det studieadministrative arbeidsfeltet og røynsle frå universitets- og høgskolesystemet og/eller offentleg forvaltning.
  • Det er naudsynt med god administrativ IT- kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og elektroniske portalar er eit krav.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt, særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, initiativ, fleksibilitet og sjølvstende.
  • Interesse for kunstnariske fag og kjennskap til skole, kulturskole og lokalt musikkliv er ein føremon.

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på erfaring med sakshandsaming og studieadministrativt arbeid og på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) med løn kr. 472.000 – 513.600 (lønssteg 53 – 58) For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Studiesjef Hilde Skare, hilde.skare@uib.no. eller
  • Assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, eli.hoie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS