Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiekonsulent (vikariat) - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 31.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent i Studieseksjonen. Det er ønskjeleg med snarleg tiltreding, vikariatet er fram til 30. april 2021.

Studieseksjonen har det administrative ansvaret for å koordinere, gi råd om og gi leiarstøtte til utdanningssakar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Dette betyr blant anna rutineutvikling, strategisk arbeid og driftsoppgåver knytt til arbeid med studentinformasjon, utveksling, eksamen, opptak, tilrettelegging av studiar, kvalitetssikring av studiar og forskarutdanninga.

Arbeidsoppgåver:

  • Eksamensansvarleg med ansvar for rutineutvikling, kvalitetssikring, opplæring og rettleiing innan eksamensfeltet.
  • Studieadministrativ arbeidsstøtte til fagmiljøa.
  • Inngå i teamet for timeplansarbeidet ved fakultetet og brukarstøtte for timeplanleggingssystemet (TP).
  • Sakshandsaming.
  • Oppgåver innan forskarutdanninga

Den som vert tilsett må vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan verte endra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på mastergradsnivå. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant studieadministrativ praksis.
  • God administrativ IT-kompetanse. Den som blir tilsett vil få superbrukarolle i det digitale eksamenssystemet, røynsle med Inspera Assessment vil difor vere ein føremon.
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Evne til å være fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 54 - 58 (for tida kr 479 600 - 513 600) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

For utfyllande opplysningar om stilling kontakt:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS