Studiekonsulent (seniorkonsulent) - Institutt for fysikk og teknologi
Søknadsfrist: 15.08.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Om instituttet Stillinga inngår i instituttet sin administrasjon på 8 medarbeidarar, og rapporterer til administrasjonssjefen som er dagleg leiar av administrasjonen. Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Instituttet deltar i fleire tverrfaglege studieprogram på bachelor- og masternivå ved fakultetet, i tillegg til studieprogram instituttet sjølv administrerer. Koordinering med samarbeidande institutt og fakultetet er derfor ein sentral del av arbeidet i studieadministrasjonen.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga vil innehalde varierte oppgåver innan studieadministrasjon.
Døme på oppgåver er:
Hovudansvar for masterprogrammet i petroleum- og prosessteknologi og for instituttet sin del i Integrert masterprogram i energi (siv.ing)
Innpassing av ekstern utdanning
Etter- og vidareutdanning
Administrasjon av forskarskolen HySchool
Formidling / informasjonsarbeid
Studierettleiing
Generell sakshandsaming innan studieadministrative saksfelt
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på masternivå er eit krav. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Det blir lagt vekt på erfaring frå studieadministrativt arbeid.
Relevant administrativ IT-kompetanse er ein fordel, særleg erfaring med systema FS og ePhorte.
Bør ha kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller anna høgare utdanning/forvaltning
Realfagleg bakgrunn kan vere ein fordel
Vi søkjer kollegaer som
er serviceinnstilt og positiv
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
er initiativrik, sjølvstendig løysnings- og resultatorientert
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
bidrar til eit godt arbeidsmiljø
har god evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
løn etter lønssteg 53-57 (kode 1363 seniorkonsulent i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.
Utfyllande opplysningar om denne stillinga, kan ein få ved å vende seg til:
Instituttet ved administrasjonssjef Grete K. Ersland, tlf. 55 58 27 59, e-post: grete.ersland@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.