Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 22.11.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Våren 2021 vil stillinga vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for geografi og Institutt for sosialantropologi. Frå hausten 2021 vil stillinga vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap og Sosiologisk institutt, men med eit særskilt ansvar for eitt av dei.
Studiekonsulentane er viktige støttespelarar for instituttleiinga og administrasjonssjefen i
arbeidet med å rekruttere, behalde og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium ved institutta.
Administrativ støtte til instituttleiinga i utdanningssaker
Studieplanarbeid, kvalitetssikring og rutineutvikling
Studierettleiing, rekrutterings- og informasjonsarbeid
Generell studieadministrativ sakshandsaming
Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av utdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen
Koordinering av seminarundervisninga
Sekretærfunksjon for undervisingsutval
Dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søker må ha bachelorgrad, men en mastergrad vil være eit føremon. Det er og ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen, likeeins studieadministrativ praksis. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som førstekonsulent etter kode 1408/LR21 etter hovudtariffavtalene i staten, ltr.51-55 avhengig av tenesteansiennitet. For tida utgjer det mellom 458.900 og 490.600 pr. år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte:
Fellesadministrasjonen ved administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs: Charlotte.Lillefjaere@uib.no, eller
Administrasjonssjef ved institutta for geografi og sosialantropologi, Gro Aase: Gro.Aase@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 20/12076
Søknadsfrist: 22. november 2020
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til kvar tid gjeld for stillinga.