Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og tre senter. Les mer om fakultet og tilhørende institutt.
Vil du ha deltidsjobb som mentor ved Det psykologiske fakultet?
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Mentor
Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet ønskjer deg velkomen til å søkje på ledige stillingar som studentmentor for studieåret 2025/2026. Stillingane er på 5 - 8 % og vil gjelde frå august til desember, eller frå august til februar.
Om mentorordninga ved Det psykologiske fakultet
Fakultetet har innført mentorordninga for å sikre best mogleg læringsmiljø, og er eit tilbod til alle fyrsteårsstudentane ved bachelorprogramma og profesjonsstudiet. Målet med mentorordningaer å gje studentane forutsetningar for meistring av studiet, tryggleik i studenttilhøvet, samt å bidra til danninga av sosiale nettverk.
Studentane på studieprogramma vert delt inn i mindre grupper, og kvar gruppe vert leia av ein studentmentor gjennom ulike aktivitetar i fyrste studieår. No tilset vi mentorar for studieåret 2025/2026.
Vi treng 12-14 mentorar fordelt på desse fem studieprogramma:
bachelor arbeids- og organisasjonspsykologi
bachelor generell psykologi
bachelor pedagogikk
bachelor spesialpedagogikk
profesjonsutdanning i psykologi
Arbeidsoppgåver:
Planleggja og gjennomføre gruppemøte og sosiale samlingar med mentorgruppa di
Skrive korte rapportar og loggar frå gruppemøte og andre mentoraktivitetar
Utveksle erfaringar med andre mentorar og studieadministrasjonen
Delta på førebuande møter, og evalueringsmøte og møte der ein utvekslar erfaringar med andre mentorar og studieseksjonen
Kommunisere med studentane i gruppa utanom faste møtetidspunkt
Det kan òg verte aktuelt med andre oppgåver
Opplæring:
Du vil få
god opplæring i gruppeleiing, rolleforståing og praktisk gjennomgang av mentoraktivitetar
oppfølging av fakultetet og kan utveksle erfaringar med dei andre mentorane
tilgang til verkty og materiale som du som mentor kan bruke i arbeidet.
Opplæringa vil skje veka før studiestart, i august. Det er ein føresetnad at alle som takkar ja til stilling kan møte fysisk på dette.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjoner
Du kan søkje på stillinga dersom du er student ved Det psykologiske fakultet på bachelor- eller masterprogrammet i generell psykologi, arbeids- og organisasjonspsykologi, pedagogikk, spesialpedagogikk eller profesjonsstudiet i psykologi.
Du må gode digitale ferdigheiter og vere kjent med plattformane til UiB.
Du må vere kjent med struktur og innhald i ditt eiget studieprogram, særleg på fyrste studieår.
Personlege eigenskapar
Du må vere motivert for å arbeide med ferske studentar og ha eit ynskje om å medverke til eit godt læringsmiljø for dei.
Du må vere empatisk og kunne improvisere.
Du må like, og vere trygg på, å leie ei gruppe.
Du må vere god til å planleggje.
Du må kunne arbeide sjølvstendig, men samstundes kunne arbeide godt i team.
Personlege eigenskapar og motivasjon som er naudsynt for stillinga vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
Løn som fagkonsulent (kode 0389) ut fra en årslønn på kr 417 300 (i 100 % stilling). Dette utgjer kr 214 pr. time.
rådgjevar og gruppeleiar for førstelinjetenesta Hilde Strand Dybevik, tlf. 55 58 62 88, hilde.dybevik@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.