Seniorkonsulent (vikariat) - Institutt for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 08.03.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Institutt for klinisk odontologi er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (100 %) i perioden 1. mars – 31. desember 2022. 20% av stillinga er for øvrig knytt til NORPART-prosjektet, som har varigheit til 2023.
Institutt for klinisk odontologi er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Instituttet har ansvar for utdanning av tannpleiarar og tannlegar ved Universitetet i Bergen, samt spesialistutdanning i odontologi, kvalifiseringsprogram for tannlegar frå land utanfor EU/EØS og forskarutdanning. Instituttet driv forsking på høgt internasjonalt nivå. Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt arbeid med ph.d.-utdanning, forsking og formidling. Næraste leiar er administrasjonssjefen ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Administrasjon (20 %) av NORPART-prosjektet «Establishment of joint research-based education in dentistry in Norway and East Africa». Sekretariatsfunksjon for prosjektet. Oppfølging av aktivitetar og kommunikasjon med samarbeidspartnarar.
Forskingsadministrativt arbeid på instituttet.
Koordinere søknadsprosessar ved instituttet i samråd med forskingsrådgjevarane på fakultetet.
Informasjonsformidling til vitskapeleg tilsette og ph.d.-kandidatar.
Koordinatoransvar for forskings- og formidlingsarrangement.
Rapportering av forskingsaktivitetar og forskingsresultat, CRISTIN-rapportering.
Administrativt arbeid med forskarutdanning ved instituttet.
Oppfølging av ph.d.-kandidatar frå opptak til disputas.
Ansvar for arrangement knytt til forskarutdanninga - ph.d.-seminar, midtvegsevalueringar og disputasar.
Web og formidling.
Høgt kvalifiserte saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant praksis er eit krav.
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.
God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi søkjer ein person som har
gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
evna til å setje seg inn i nye saksfelt raskt.
Stor arbeidskapasitet og er fleksibel
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for
tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar medinnvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført påsøkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.