LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Seniorkonsulent (vikariat) - Institutt for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 08.03.2021

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Institutt for klinisk odontologi er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (100 %) i perioden 1. mars – 31. desember 2022. 20% av stillinga er for øvrig knytt til NORPART-prosjektet, som har varigheit til 2023.
Institutt for klinisk odontologi er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet. Instituttet har ansvar for utdanning av tannpleiarar og tannlegar ved Universitetet i Bergen, samt spesialistutdanning i odontologi, kvalifiseringsprogram for tannlegar frå land utanfor EU/EØS og forskarutdanning. Instituttet driv forsking på høgt internasjonalt nivå. Den utlyste stillinga vil ha ansvarsområde knytt til administrativt arbeid med ph.d.-utdanning, forsking og formidling. Næraste leiar er administrasjonssjefen ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
- Administrasjon (20 %) av NORPART-prosjektet «Establishment of joint research-based education in dentistry in Norway and East Africa». Sekretariatsfunksjon for prosjektet. Oppfølging av aktivitetar og kommunikasjon med samarbeidspartnarar.
- Forskingsadministrativt arbeid på instituttet.
- Koordinere søknadsprosessar ved instituttet i samråd med forskingsrådgjevarane på fakultetet.
- Informasjonsformidling til vitskapeleg tilsette og ph.d.-kandidatar.
- Koordinatoransvar for forskings- og formidlingsarrangement.
- Rapportering av forskingsaktivitetar og forskingsresultat, CRISTIN-rapportering.
- Administrativt arbeid med forskarutdanning ved instituttet.
- Oppfølging av ph.d.-kandidatar frå opptak til disputas.
- Ansvar for arrangement knytt til forskarutdanninga - ph.d.-seminar, midtvegsevalueringar og disputasar.
- Web og formidling.
- Høgt kvalifiserte saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Relevant praksis er eit krav.
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt.
- God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
- Vi søkjer ein person som har
- gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- evna til å setje seg inn i nye saksfelt raskt.
- Stor arbeidskapasitet og er fleksibel
- Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for
- tida brutto årslønn kr. 490 600-545 300. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Administrasjonssjef Signe Solberg, e-post:[email protected]. Telefon: 5558 6688 eller 915 60 933
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar medinnvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført påsøkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.