Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Vi søkjer etter ein kollega til studieseksjonen, Det psykologiske fakultet, til ei stilling knytt til eksamensarbeid og studieadministrasjon. Stillinga er eit 100 % vikariat med oppstart snarast råd og varar fram til 30.11.2025.
Stillinga vil ha ansvar for ein eksamensportefølje og saksbehandle i feltet til eksamen.
Arbeidsoppgåver:
Planlegge, koordinere og utføre praktisk arbeid omkring eksamensavviklinga
Informasjonsarbeid knytt til eksamen
Saksbehandling innafor eksamensfeltet (mellom anna klage, oppmelding mm).
Saksbehandling innafor tilrettelegging og andre felt som inngår i eksamensgruppa. Den som vert tilsett må i tillegg rekne med å gjere generell sakshandsaming innafor studieseksjonen sitt ansvarsområde
Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåve
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkaren må:
ha minimum bachelorgrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet.
ha relevant administrativ praksis
ha god IT-kompetanse
kunne arbeide sjølvstendig og vere initiativrik
vere strukturert og nøyaktig
ha gode samarbeidsevne
kunne uttrykkje seg godt både skriftleg og munnleg på norsk (begge målføre) og engelsk
Det er ein føremon om søkaren:
har god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og offentleg forvaltning. Det same gjeld erfaring frå studieadministrativt arbeid og sakshandsaming innan offentlig forvaltning.
har arbeidd i Felles Studentsystem (FS) og andre digitale verkty
Relevant praksis (erfaring frå studieadministrativt arbeid, sakshandsaming o.l.) og personlege eigenskapar nødvendige for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Brutto årsløn som seniorkonsulent (kode 1363) kr 557 100 – 594 500 (tilsvarande lønssteg 57 - 61). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.