Seniorkonsulent (studieadministrasjon) ved Klinisk institutt 1
Søknadsfrist: 11.02.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Om stillinga
Vi ønsker deg velkommen som søkjar på stilling som seniorkonsulent (studie). Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig eit vikariat (grunna fødselspermisjon) som seniorkonsulent (100%) (studieadministrasjon) med tilsetjing frå april 2024. Stillinga vil inngå i felles studieadministrasjon for Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2.
I studieadministrasjonen vil du bli med i eit team på ni personar som arbeider for å leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar, samt studentar som tek vidareutdanningskurs. Du vil jobbe i tett samarbeid med undervisarar, studentar, og med Haukeland Universitetssjukehus og undervisninga som vert gitt der. Den som vert tilsett vil primært arbeide med studentar som tek bachelor- eller masterutdanning i ernæring.
Til saman har K1 og K2 om lag 600 tilsette og har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervisning på høgt internasjonalt nivå. Begge institutta husar sterke forskingsgrupper, og har ei sentral rolle i utdanning av leger, ernæringsfysiologar og farmasøytar.
Arbeidsoppgåver:
studieadministrasjon av ulike emne på bachelor- og masternivå
timeplanlegging og praksisutplassering
eksamensarbeid
saksbehandlingsoppgåver, til dømes emne- og studieplanarbeid
evalueringsarbeid
delta i studieadministrative nettverk med fakultetsadministrasjonen og dei andre institutta
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
røynsle frå relevant studieadministrativt arbeid er eit føremond
røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (til dømes FS, Mitt UiB, TP, Inspera, ePhorte)'
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er engasjert, fleksibel og imøtekommende
er systematisk, nøyaktig og strukturert
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
er god på problemløysing
likar folk
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57 - 63 (for tida kr 557 100 - 615 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Rådgjevar Øyvind Byrkjedal-Bendiksen, leder av felles studieadministrasjon, epost: oyvind.bendiksen@uib.no, telefon 55 55 25 69
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.