LEDIG STILLING VED UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET

Seniorkonsulent studieadministrasjon ved Det juridiske fakultet

Søknadsfrist: 31.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det juridiske fakultet - Les meir om fakultet her. 

Ei av Noregs mest populære utdanningar treng fleire dyktige administrative medarbeidarar.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent/rådgjevar (studieadministrasjon)

I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig to faste 100 % stillingar som seniorkonsulent. 

Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas juristar ved å leggje til rette for eit godt studieløp for studentane og å ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag. 

Vi er stolte av studiet vi tilbyr, og masterprogrammet i rettsvitskap har vunne fleire prisar. Vi arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle kvalitet i studiet. Som eit ledd i dette kvalitetsarbeidet implementerte vi ny studieordning i 2021, og prosessen held fram ut vårsemesteret 2026. 

Arbeidsoppgåver

Stillingane inneber studieadministrative oppgåver knytt til blant anna undervisning, eksamen, saksbehandling og rettleiing av studentar. Du vil i samarbeid med dyktige kollegaer ha ei viktig rolle i fakultetet sitt arbeid med å vidareutvikle utdanningsverksemda og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar. 

Stillingane passar særs bra for deg som er fleksibel, liker variasjon og tek ei utfordring på strak arm. Du må arbeide nøyaktig og effektivt, halde hovudet kaldt i hektiske periodar og bidra til det faglege og sosiale fellesskapet.

Som følgje av implementering av ny studieordning kan det bli endringar, og vi vil så langt det er mogleg tilpasse arbeidsoppgåver og ansvarsområde til din kompetanse og interessefelt.

Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til kvar stilling, måtte ta del i andre administrative oppgåver.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Mastergrad. Kandidatar frå alle fagområde blir oppmoda til å søkje, og du treng ikkje ha juridiske emne i graden 
  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid, saksbehandling, rettleiingsarbeid, og prosjektarbeid er ein føremon. Erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan også vere relevant 
  • God gjennomføringsevne og evne til å arbeide sjølvstendig 
  • Fleksibel, effektiv, ansvarsbevisst og initiativrik 
  • Evne til å prioritere og trivst med å halde orden på fleire parallelle prosessar og aktivitetar
  • Generelt god IT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk (begge målformer) og engelsk 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Relevant erfaring og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt

Vi tilbyr

  • Varierte oppgåver, sjølvstendig ansvar og gode moglegheiter for utvikling
  • Hyggelege, engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
  • Stillingskategori som seniorkonsulent 1363
  • Løn kr. 557 100 – 615 700 per år før skatt avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (svarar til lønssteg 57-63 i statens regulativ). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn 
  • Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse 

Generell informasjon

Aktuelle kandidatar vil bli kontakta i veke 5, og vi planlegg å gjennomføre førstegangsintervju i veke 6. 

Utfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør / leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.no

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad og CV skal sendast elektronisk via lenka ”Søk stillinga”.

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn du her.

Velkommen som søkjar! 

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS