Seniorkonsulent (studieadministrasjon) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Søknadsfrist: 21.06.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, studieadministrasjonen, er det ledig stilling som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing snarast. Instituttet har stor innsats knytt til utvikling av utdanning både pedagogisk og administrativt. Me ser etter deg som likar å jobba med studentar, som har interesse for digitalisering av utdanning og har høg digital kompetanse. Stillinga inngår i studieadministrasjonen saman med fire andre studiekonsulentar, leia av studiekoordinator
Arbeidsoppgåver:
Hovudansvar for administrasjon og utvikling av Master i helse og samfunn
Programutvalssekretær for helsefag
Andre studieadministrative oppgåver vil komme i tillegg
Implementering og støtte av digitale formar for undervisning, digitale arbeidsverktøy for administrasjonen og digital samhandling både internt og med samarbeidspartnarar
Delta i aktuelle råd og utval og utarbeide ulike rapportar og oversikter for leiargruppa
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Høg digital kompetanse
Flytande munnleg og skriftleg norsk og god kompetanse i engelsk
Det er ein føremon med erfaring frå UH-sektoren
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har høg digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
likar å delta i utviklingsarbeid
er serviceinnstilt, effektiv og strukturert.
arbeider sjølvstendig, men er og glad i å samarbeide
trivst med å handtere mange og ulike oppgåver i eit hektisk internasjonalt miljø
er omstillingsdyktig og initiativrik
er ivrig etter og motivert for å bli vår nye kollega
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Siri Smith: Siri.Smith@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.