Seniorkonsulent (studieadministrasjon) - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 09.08.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent (studieadministrasjon)
Ved Det medisinske fakultet, fakultetsadministrasjonen, er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing frå 1. august 2020. Stillinga er knytt til studieseksjonen og har det administrative ansvaret for tre studieprogram i ernæring. Stillinga har òg koordineringsansvaret for fakultetet si mentorordning for studentar og administrative oppgåver for fakultetet si pedagogiske eining, Eining for læring.
Arbeidsoppgåver:
Administrativt ansvar for Bachelorprogram i ernæring, Masterprogram i human ernæring og Masterprogram i klinisk ernæring
Studierettleiing, sakshandsaming og informasjonsarbeid
Koordinering av praksisutplassering for ernæringsprogramma
Sekretærfunksjon for programutvalet
Koordinering av fakultetet si mentorordning for studentar
Utgreiingsarbeid og sakshandsaming for Eining for læring
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant praksis er eit krav
God digital kompetanse er eit føremon
Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er serviceinnstilt og positiv
har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
kjenner UH-sektoren
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 55-61 i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer for tida brutto årslønn kr. 488 000-542 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Leiar for studieseksjonen, Ørjan Leren, telefon 55 58 64 85
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.