LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent - Økonomiavdelingen

Søknadsfrist: 02.02.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent ved Økonomiavdelingen, Seksjon for Lønn

Seksjon for Lønn er inndelt i fire fagspesialistteam innan lønn og lønnsnær HR knytt til Økonomiavdelinga. Team Økonomi består av tilsette som har erfaring innan fagfeltet HR, økonomi/regnskap, og lønn. Teamet har no behov for å styrke bemanninga.

Stillingskode: 1363 Seniorkonsulent

Stillingsprosent: 100 % stilling

Arbeidsoppgåver:

  • Attestasjon av reise- og personrefusjonar ihht gjeldande regelverk
  • Variabel lønn – stipend, prispengar, godtgjersle
  • Gjennomføring av kontroll- og kvalitetstiltak i samband med behandling av reise og utlegg
  • Oppgåver som føreset høg grad av samhandling mellom fakultet/einingar
  • Ansvar med arbeidsoppgåver innan standardisering, forbetring og utvikling
  • Brukar- og leiarstøtte knytt til sjølvbetjeningsløysingar og regelverk
  • Rådgiving mot fakultet/einingar
  • Kompetansebygging på tvers av UiB

Som saksbehandlar vil du få arbeidsoppgåver innan to eller fleire av punkta ovanfor. Andre arbeidsoppgåver for seksjon for lønn, kan verte lagt til stillinga.

Du vil arbeide i team som skal ha ei aktiv rolle internt ved UiB. Dette innberr bidrag til opplæring,rettleiing og systemstøtte til organisasjonen. Stillinga gir moglegheit for å delta i utvikling og standardisering av rutinar og prosesser ved UiB.

Arbeidsstad: Økonomiavdelinga, Seksjon for Lønn

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søker etter personar som har:

  • God kunnskap i relevant lov- og regelverk
  • Høgare utdanning på fortrinnsvis Bachelor- eller masternivå, med økonomi, reknekap, jus eller administrasjon. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særlege tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivt.
  • Evne til å arbeide strukturert, kunne prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode norsk og engelsk kunnskapar - både skriftleg og munnleg

Andre ønskjelege kvalifikasjoner:

  • Kompetanse i personal- og lønnsdatasystem
  • Motivasjon for å spesialisere seg innanfor stillingas ansvarsområde og oppgåver
  • Grunnleggande kunnskap om økonomireglement i staten
  • Kunnskap om regelverk knytt til reise, lønn og refusjonar i staten
  • Kunnskap om tariffavtalar og regelverk knytt til tilsettingar i staten
  • Kunnskap om regelverk knytt til permisjonar og ferie
  • Kunnskap om innhald som berører tid-området i fleksitid, feltavtalen, toktavtalen og beredskapsavtalen
  • Erfaring frå offentleg verksemd

Vi kan tilby:

  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med fagleg tyngde
  • Gode vilkår for fagleg og personleg utvikling
  • Lønn etter årslønn kr. 510 000 – 580 000 brutto som seniorkonsulent (kode 1363) avhengig av kvalifikasjoner. For særskilt godt kvalifiserte søkarar kan ein vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Tone Elin Skaugvold, tlf. 55 58 20 30 / 92 49 48 41, e-post tone.skaugvold@uib.no eller
  • Seniorrådgiver Laura Bangu, tlf. 55 58 33 62, e-post laura.bangu@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS