LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Seniorkonsulent innan administrasjon av studiar og forskarutdanning (vikar)

Søknadsfrist: 23.11.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Ved Institutt for geovitenskap (GEO) er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent innan administrasjon av studiar og forskarutdanning. Vikariatet er for eitt år (med moglegheit for forlenging), med oppstart 1. januar 2021.

GEO er eit av Europa sine største geofaglege miljø. Instituttet har rundt 300 studentar på bachelor og masternivå og nær 170 tilsette der til ein kvar tid nær 50 er doktorgradsstipendiatar som tar forskarutdanning ved instituttet. Institutt for geovitenskap driv forsking og utdanning på høgt internasjonalt nivå i takt med samfunnet sine behov for geovitskapleg kompetanse. Hovudaktiviteten ved instituttet er forsking og forskingsbasert undervisning innanfor sentrale geologiske og geofysiske disiplinar. Med basis i grunnleggjande geofaglege disiplinar skal instituttet drive grunnforsking med fokus på ressursar, energi, klima, polar, geofarar/naturkatastrofar og miljø, i eit forskingsmiljø som fostrar kvalitet og innovasjon.

Stillinga inngår i instituttet sin studieseksjon med til saman tre tilsette. Seksjonen har administrativt ansvar for instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Seksjonen er og sekretariat for instituttet sitt studieprogramstyre og forskarutdanningsutval. Studieseksjonen samarbeider tett med iEarth om læringsmiljø, undervisningsutvikling og utdanningsprosjekt.

Den som vert tilsett, vil få administrativt ansvar for instituttet si forskarutdanning og for internasjonal studentutveksling på alle nivå. I tillegg vil den som vert tilsett bidra inn i studieseksjonensitt arbeid med emneeksamen.

Døme på arbeidsoppgåver

Hovudansvaret for det administrative arbeidet knytt til instituttet si forskarutdanning

  • Sekretær for instituttet sitt Utval for Forskarutdanning (FU)
  • Implementere og fylgje opp administrative prosedyrar og rutinar, og evaluerings- og kvalitetssikringsarbeidet innan forskarutdanning
  • Formidle informasjon innan forskarutdanningsfeltet, mellom anna vedlikehald av nettsider
  • Sakshandsaming knytt til opptak til forskarutdanning, midtveisevaluering, godkjenning av opplæringsdel, innlevering av avhandling, oppnemning av opponentar, førebuing og gjennomføring av prøveforelesing og avsluttande disputas
  • All anna sakshandsaming relatert til forskarutdanning, mellom anna meldingar, rapporteringar og høyringssaker
  • Føre ph.d.-register og halde ved like relevante administrative system

Internasjonalisering (studentmobilitet)

  • Sakshandsaming knytt til opptak og mottak av internasjonale studentar
  • Informasjons- og formidlingsarbeid om internasjonal studentutveksling for eigne studentar
  • Sakshandsaming knytt til utveksling for egne studentar ved utanlandske institusjonar

Eksamensadministrasjon

  • Eksamensplanlegging
  • Eksamensavvikling ved instituttet
  • Klagesaker etter eksamensperioden

Andre administrative oppgåver kan også verte aktuelle. Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå, gjerne innan geovitskap eller annan naturvitskap. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ynskjeleg med relevant erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.
  • Kjennskap til og erfaring i bruk av e-Phorte, Felles Studentsystem (FS), Inspera, TP og andre elektroniske portalar er ein føremon.
  • Det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse.
  • Den som vert tilsett må kunne kommunisere godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 – 57 (for tida kr. 474 500,— 507 400,-) i det statlege lønsregulativet. Høgare lønn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar
  • spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø
  • høve til å delta i arbeid med utvikling av innovative og framifrå undervisingsopplegg innan geovitskap
  • høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv undervisning
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Meir informasjon om kva UiB kan tilby som arbeidsgjevar finn ein på UiB sine nettsider.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til:

  • Administrasjonssjef Andrea Grimnes (andrea.grimnes@uib.no), telefon 55 58 33 00

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS