Seniorkonsulent 100% vikariat (studieadministrasjon) ved Klinisk institutt 2
Søknadsfrist: 09.03.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, felles studieadministrasjon for Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2, er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent i med tilsetjing mai 2025. Varighet eitt år.
Arbeidsoppgåver:
saksbehandling, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
koordinera og sikre gjennomføring av ulike eksamenar i samarbeid med blant anna vitskapeleg tilsette og studentar
koordinera og drifte emnar i samarbeid med administrative- og vitskapelege tilsette, studentar, inkludert timeplanarbeid, planlegging av praksis og informasjonsarbeid
koordinera og drift av emnar i samarbeid med andre institusjonar og lærestadar
samarbeid med fakultetet si studieadministrasjon og delta i nettverk med dei andre institutta ved fakultetet
skriving publisering på nettsider og i internt nyheitsbrev
andre oppgåver kan og verte aktuelle
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det krevst minimum bachelorgrad. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvalting samt god administrativ it-kompetanse
røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, Elements, TP, Inspera og andre) blir lagt vekt på
kjennskap til medisin-, farmasi, og/eller ernæringsstudiet og studieadministrasjon av kliniske emne er ein føremon
må kunne bruka båe målføre, samt munnleg og skriftleg engelsk
Vi søkjer ein person som
er sjølvstendig, effektiv, strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande
er serviceinnstilt, må like å arbeide og med folk
deltek aktivt for å skape eit godt arbeidsmiljø
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har evne til å halde oversikt og samstundes ivareta detaljane i eit hektisk og travelt universitetsmiljø
har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har evne til problemløysing og initiativ til nye måtar å løyse arbeidsoppgåvene på, både for deg sjølv og for studieadministrasjon
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 557 100 – 615 700. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Øyvind Byrkjedal-Bendiksen på telefon 55 58 25 69 eller e-post: Oyvind.Bendiksen@.uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.