Prosjektøkonom (vikariat) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 15.10.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til eit eittårig vikariat i stilling som prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i ulike fellesadministrative einingar og seksjonar.
Stillinga er knytt til fakultetet sin økonomiseksjon, men hovudarbeidsplassen vil være ved eitt eller fleire av våre institutt. Du vil og samarbeide tett med dei andre økonomane i fakultetet sin økonomiseksjon. Den som blir tilsett vil få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide nært med instituttleiinga, og med våre forskarar i eit internasjonalt miljø.
Hovudoppgåver i stillinga
Oppfølging av eksternfinansierte prosjekt, og utvikle særskilt kompetanse på enkelte prosjekttypar/finansieringskjelder
Budsjettering av prosjektsøknader til ulike finansieringskjelder
Vidareutvikling og kvalitetssikring av rapportar, styrings- og leiingsverktøy, samt økonomirutinar
Bidra til andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Høgare utdanning innan økonomi på bachelor eller helst masternivå.
God økonomiforståing, og med nødvendig presisjon i arbeidet.
Relevant økonomierfaring frå universitets- og høgskulesektoren er ein føremon
Vi ønskjer at du er motivert, serviceinnstilt, sjølvstendig, strukturert og effektiv
God administrativ it-kompetanse
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi kan tilby:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som seniorkonsulent etter kode 1363, for tida mellom kr. 590 000 – 680 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Assisterande fakultetsdirektør Vibeke Irgan, mobil 926 03 364, epost: vibeke.irgan@uib.no
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal merkast 2025/12044
Søknadsfrist: 15. oktober
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.