Prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Søknadsfrist: 15.04.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til fast stilling som prosjektøkonom i økonomiseksjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Fakultetet er organisert i ulike fellesadministrative einingar og seksjonar. For meir informasjon om oss viser vi til fakultetet sine heimesider.
Som prosjektøkonom vil du få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide nært med våre forskarar i eit internasjonalt miljø. Du vil også samarbeide tett med dei andre økonomane i fakultetets økonomiseksjon.
Hovudoppgåver i stillinga:
Budsjettering av prosjektsøknader til EU, Noregs Forskingsråd og andre eksterne finansieringskjelder
Økonomioppfylging, ekstern rapportering og rådgjeving i eksternt finansierte prosjekt.
Analysearbeid knytt til konkrete prosjekt og til institutta sine prosjektporteføljer
Utarbeiding av jamlege rapportar til instituttleiinga, vitskapleg stab og fakultetet
Vidareutvikling og kvalitetssikring av økonomirutinar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi søkjer etter deg som har:
Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant erfaring innan budsjettering, rekneskap og relevante økonomisystem
God økonomiforståing, og med nødvendig presisjon i arbeidet.
God administrativ it-kompetanse, med spesiell vekt på Excel
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God kompetanse i munnleg og skriftleg norsk og engelsk
Vi ønskjer at du er serviceinnstilt, initiativrik, sjølvstendig, analytisk, løysingsorientert, strukturert og effektiv
Vi kan tilby:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som seniorkonsulent (kode 1363) , ltr 57 – 62 (for tida NOK 504 700 – 552 800) etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Fleksibel arbeidstid
Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknadsfristen er 15. april 2020, og søknaden skal merkast: 20/3432
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.