LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Programkoordinator - seniorkonsulent
Søknadsfrist: 14.08.2022

Er du vår nye programkoordinator? (seniorkonsulent)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det psykologiske fakultet, studieseksjon, er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent / studieprogramkoordinator. Stillinga er hovudsakleg knytt til administrasjon retta mot ulike masterprogram (logopedi, psykologi) og profesjonsstudiet i psykologi.
Det psykologiske fakultet har undervisningsaktivitetar i ulike bygg, og ein må medrekna å ha arbeidsdagar i eit anna bygg enn der ein har sitt hovudkontor. Stillinga vil vere knytt til eit team i studieseksjon med andre studiekonsulentar som har hovudarbeidsoppgåver mot ulike institutt.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inngår i programkoordinatorgruppa og har oppgåver knytt til administrasjon og oppfølging av studieprogram og emne ved fakultetet.
Dette vil mellom anna innebere:
- Sakshandsaming med vekt på overordna/komplekse problemstillingar og faglege utgreiingar, knytt til kvalitetssikring av studieplanar og emne
- Studierettleiing, informasjonsarbeid og arbeid knytt til rekruttering av studentar og marknadsføring av studieprogram
- Drift og utviklingsoppgåver
- Legge til rette for gjennomføring av undervisning, frå timeplanlegging til obligatoriske aktivitetar, inkludert koordinering/logistikk av seminararbeid og laboratorieøvingar i undervisning.
- Sekretærfunksjon undervisningsutvalet ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi
- Skrive saker til undervisningsutval, andre råd og styrer, og følgje opp undervisningsutvalet sine vedtak og tilrådingar, vere sakshandsamar og administrativt bindeledd mellom studieseksjon, undervisningsutvalet, institutta og fagmiljøa
- Arbeidet vil krevje aktivt samarbeid med andre avdelingar og einingar ved UiB
- Oppgåvene i stillinga kan verte justerte etter behov ved institutt og fakultetsadministrasjon
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang og relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Relevant praksis er eit krav
- Kjennskap og praksis frå universitets- eller høgskulesystemet vil bli vektlagt
- Røynsle frå studieadministrasjon og eksamensarbeid vil bli vektlagt
- Den som vert tilsett må kunne begge målformer, og kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg på engelsk
- Arbeide sjølvstendig og målretta
- Digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, være fleksibel og serviceinnstilt
- Ha omstilling og endringskapasitet
- Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53 - 59 / kr 493 700 - 544 400 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:
- Rådgjevar studieseksjon Grete Line Simonsen, telefon 55 58 86 94, e-post [email protected]
- Seksjonsleiar Frode Randal, telefon 55 58 91 90, e-post [email protected]
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.