Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Produsent

Søknadsfrist: 03.06.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Produsent – fast stilling ved Fakultet for kunst, musikk og design

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei fast stilling som produsent seniorkonsulent i 100 % stilling. Stillinga er nyoppretta og skal styrke produksjonstenestene ved fakultetet. Som produsent inngår du i ei ressursgruppe på om lag 8 årsverk og samarbeider tett med andre funksjonar i fakultetsadministrasjonen, som studieseksjonen-, samt forskings- og formidlingsgruppene. Med denne stillinga vert produksjonsressursen utvida til 2,5 årsverk. Produsenten rapporterer til assisterande fakultetsdirektør.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta i planlegging, administrativ oppfølging og avvikling av arrangement, utstillingar og seminar innan heile fakultetet sitt arbeidsfelt.
  • Ansvar for fakultetet sine lys- og scenetekniske installasjonar, inkludert sikkerhetssertifisering. Samarbeid med KMD sine verksmeistrar om bruk av teknisk utstyr.
  • Planlegging og avvikling av fakultetet sine avgangsutstillingar og -konsertar, i tett samarbeid med studieadministrasjonen.
  • Produksjonsassistanse i samband med seminar, disputasar og presentasjonar av forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid, etter nærare avtale og i tett samarbeid med fagmiljø og forskingsadministrasjon.
  • Samarbeid med fakultetet sin formidlingsgruppe om publisering og kommunikasjon i samband med pubikumsretta arrangement.
  • Opplæring av studentassistentar innan oppgåvene for stillinga
  • Samarbeid med eksterne aktørar
  • Noko sakshandsaming må påreknast

Den som vert tilsett må og rekne med å gjere andre arbeidsoppgåver innanfor produksjon sitt ansvarsområde. Fakultetet er lokalisert i to ulike bygg og arbeidsstad vil kunne variere. Ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i periodar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha minimum ha utdanning på bachelornivå. Det er en fordel med utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • God kjennskap til lys -og sceneteknikk,
  • Røynsle med produksjon av utstillingar og kunstprosjekt
  • Røynsle i høve til planlegging og avvikling av arrangement
  • God IT- kompetanse, gjerne røynsle frå streaming og videoproduksjon.
  • Serviceinnstilling overfor studenter og fagmiljø
  • Interesse for kunstnarlege fag og kjennskap til kultursektoren
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde, særleg gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, initiativ, fleksibilitet og sjølvstende.
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på erfaring og på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) med løn kr. 472.000 – 513.600 (lønssteg 53 – 58) For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, eli.hoie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS