Innovasjonspilotar (25% stilling i 12 månader) ved Universitetet i Bergen
Søknadsfrist: 24.01.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gir råd og bistand til ledelse og fakulteter ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i syv avdelinger. Les mer om Forsknings- og innovasjonsavdelingen her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Innovasjonspilotar
Brenn du for innovasjon, og er god til å inspirere og få med deg andre? Då kan du vere ein av dei to nye innovasjonspilotane våre, som skal jobbe med å utvikle entreprenørskapskultur blant studentane på Universitetet i Bergen. Pilotane vil særleg jobbe på Det medisinske fakultetet, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Stillingane er prosjektbaserte, og varer i 12 månader med 25 prosents stilling.
Arbeidsoppgåver:
Planleggje og gjennomføre innovasjon- og entreprenørskapsaktivitetar
Bidra til å utvikle ein varig entreprenørskapskultur blant studentar ved UiB
Mobilisere studentar til å delta og engasjere seg i innovasjons- og entreprenørskapsaktivitetar, både gjennom ulike arrangement og sosiale medium
Bidra til at fleire studentprosjekt blir vellukka søknader til studententreprenørskapsprogrammet STUD-ENT, og liknande program
Samarbeide med studentorganisasjonar og andre
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Stillingene lar seg kombinere med studier og vi oppmuntrer studenter til å søke
Erfaring med eller interesse for entreprenørskap, innovasjon og/eller prosjektstyring
Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Evne til å motivere og inspirere andre
Initiativrik og handlekraftig
Evne til å tenkje kreativt og innovativt
Evne til å arbeide sjølvstendig og i lag
God organisasjonsevne og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåver
Vi tilbyr:
Opplæring frå erfarne innovasjonsrådgivarar
Ei lærerik stilling som vil gi deg mykje kunnskap om innovasjon
Du vil få nyttige kontaktar i akademia og næringsliv
Arbeidstidene vil vere fleksible slik at du kan kombinere stillinga med studiar.
Løn som konsulent ( kode 1065) med ei årslønn mellom kr 428 100 - kr 448 900 i 100 % stilling, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifiserte søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Dag Hellesund tlf. 91 55 42 99 eller Katrine Utaaker Segadal tlf. 97 08 62 36
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stilling.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gir råd og bistand til ledelse og fakulteter ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i syv avdelinger. Les mer om Forsknings- og innovasjonsavdelingen her.