LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

HR-konsulent internasjonal HR og ansattmobilitet

Søknadsfrist: 25.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fellesadministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Fellesadministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

HR-konsulent 

I samband med at UiB styrker sin posisjon som eit internasjonalt forskingsuniversitet vert det lyst etter vikar i 100 % stilling som HR-konsulent ved Internasjonalt senter på HR avdelinga. Vikariat gjeld i seks månader frå 20. juni 2024, med høve til forlenging.

Arbeidet er ein del av Euraxess kontaktpunktet ved UiB, og er i all hovudsak knyta til rådgjeving og støtte til internasjonalt tilsette ved universitetet. Du vil rådgje forskarar og administrativt tilsette i regelverk og prosessar rundt internasjonal mobilitet. Andre oppgåver innan internasjonal mobilitet og avdelinga sine fagområde kan og verte lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver:

  • Rådgje og yte service i samband med mottak av internasjonale tilsette.
  • Yte kompetanse og service til utreisande tilsette
  • Rådgje og yte kompetanse til administrasjonen ved fakultet og einingar i rekruttering og mottak av internasjonalt tilsette
  • Utarbeide rutinar og retningslinjer knytt til internasjonal mobilitet
  • Kommunikasjon med andre offentlege myndigheiter
  • Vidareutvikle og vedlikehalde nettsider med informasjon til tilsette, administrasjon og leiing. Andre oppgåver knytt mot HR og internasjonal mobilitet

Kvalifikasjonar:

  • Søkjarar må ha utdanning på bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant administrativ praksis og kompetanse innanfor funksjonsområdet
  • Relevant digital kompetanse
  • God skriftlege og munnleg kommunikasjonsevne
  • Erfaring frå internasjonal HR og personalforvaltning er ein fordel
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Du er serviceinnstilt, resultatorientert, strukturert og målretta
  • Du har gode samarbeidsevne, er engasjert og fleksibel
  • Du har interesse av ulike kulturar og mangfald
  • Du har stor arbeidskapasitet, lever godt med innslag av uvisse og evne og vilje til å finne gode løysingar aleine og saman med andre

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 58 - 62 (for tida kr 565 900 - 604 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Faggruppeleiar Jill Anette Opsahl, tlf. nr. 55 58 33 19, eller 
  • Seksjonsleiar Janne Marie Solheimslid, tlf. nr. 918 19 544

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS