Førstekonsulent (vikariat) ved Institutt for informasjons- og medievitenskap
Søknadsfrist: 23.03.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til vikariat som førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Vikariatet løpar frå den dagen som avtales og til september 2024. Institutt for informasjons- og medievitskap er eit tverrfagleg, forskingsintensivt fagmiljø med forskingsgrupper og studietilbod innan media og kommunikasjon, informasjonsvitskap, journalistikk, interaksjonsdesign samt TV-produksjon.
Instituttet har for tida 35 vitskaplege stillingar og 25 ph.d.-kandidatar og postdoktorar. Om lag 1200 studentar er knytt til instituttets bachelor- og masterprogram. Administrasjonen ved instituttet har om lag 14 årsverk og vert leia av administrasjonssjef. For meir informasjon om instituttet viser vi til her.
Stillinga er ledd i instituttets arbeid med auka studiekvalitet gjennom å styrke studentnær undervisning og oppfølging på bachelornivå. Den som vært tilsett vil i hovudsak arbeide med administrasjon og fagleg utvikling av det seminarbaserte undervisningstilbodet i informasjonsvitskap.
Arbeidsoppgåver:
Koordinering, rekruttering og mentorering av seminarleiarar i informasjonsvitskap, i samarbeid med studiekonsulent og programråd
Oppstart, oppfølging og administrasjon av seminarundervisninga ved bacheloremne
Fagleg utviklingsarbeid knytt til seminartilbodet i samarbeid med programråd og faglærarar
Timeplanlegging i samarbeid med eksamenskonsulent og emneansvarlege
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkar må ha mastergrad innan et av instituttets fagområde
God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
Kjennskap til studieadministrative systema som FS, timeplanlegging og ePhorte er ein føremon.
Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
God administrativ IT-kompetanse
Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Løn som førstekonsulent etter kode 1408 etter hovudtariffavtalane i staten, i lønnspenn 509 300 – 540 500 NOK (ltr. 51-55) per år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.