LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent ved Psykologisk universitetspoliklinikk

Søknadsfrist: 18.02.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Ved Institutt for klinisk psykologi er det ledig ei førstekonsulentstilling (100 %) knytt til Psykologisk universitetspoliklinikk. Stillinga har administrasjonssjef som nærmaste leiar.

Institutt for klinisk psykologi har undervisningsansvaret på profesjonsstudiet i psykologi med hovudtyngda i siste del av studiet. I samarbeid med Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, har instituttet etablert Psykologisk universitetspoliklinikk kor vidarekomne studentar på profesjonsstudiet gir eit utgreiings- og behandlingstilbod til pasientar under rettleiing av psykologspesialistar. Verksemda ved Psykologisk universitetspoliklinikk har såleis ein dobbeltkarakter som studieemne og helsetilbod.

Det psykologiske fakultet samla hausten 2020 sine internklinikkar i Alrek helseklynge. Klinikkane omfattar 4 seksjonar og utfører behandling og testing som del av profesjonsutdanninga i psykologi.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene som førstekonsulent er knytt til den daglege drifta av Psykologisk universitetspoliklinikk, men vil også ha administrative oppgåver inn mot institutt og fakultetet.

Hovudoppgåvene i stillinga vil vere:

  • klinikkadministrasjon og oppfølging av tilsette og studentar i deira pasientarbeid
  • opplæring av studentar og tilsette i klinikkens rutinar og system
  • administrator av elektronisk pasientjournalsystem (PsykBase)
  • administrativ støtte til klinikkleiar, seksjonsleiarar og rettleiargruppa
  • saksbehandlings-, utgreiings- og utviklingsoppgåver, samt driftsoppgåver ved instituttet
  • driftsoppgåver samt støtte til avvikling av disputasar og tilstellingar i regi av instituttet
  • arbeid knytt til forsking i klinikken og ved instituttet
  • handsaming av insttuttets nettsider
  • innkjøp og budsjett
  • studieadministrasjon av emnet PRPSYK314 Intern klinisk opplæring (bruk av verktøy som FS og Mitt UiB)

Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga og innhaldet i stillinga vil kunne bli endra i tråd med vidareutvikling av universitetspoliklinikken og/eller fakultetets og institutta sin administrasjon.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar bør ha bachelorgrad, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Relevant realkompetanse kombinert med etter- og vidareutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning
  • ved vurdering av søkjarane vil vi leggje vekt på praksis frå universitets- og høgskulesystemet, og pasientretta arbeid.
  • den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, like å arbeide med menneske, ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel og serviceinnstilt
  • gode framstillingsevner munnleg og skriftleg på båe målføre og på engelsk
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent (kode 1408) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 502 300 - 540 500 (tilsvarer ltr 50 - 55) For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  •  Bjørn Olav Telnes, administrasjonssjef Institutt for klinisk psykologi +47 55 58 82 87 /+47 984 12 818

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS