LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent ved Psykologisk universitetspoliklinikk

Søknadsfrist: 01.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Ved Institutt for klinisk psykologi er det ledig ei førstekonsulent stilling (100 %) knytt til Psykologisk universitetsklinikk. Stillinga har administrasjonssjef som næraste leiar.

Det psykologiske fakultet samla hausten 2020 sine internklinikkar i Alrek helseklynge. Klinikkane omfattar 4 seksjonar og utfører behandling og testing som del av profesjonsutdanninga i psykologi. Fakultetet er i prosess med å samle administrasjonen til ei eining og den tilsette kan verte tildelt oppgåver i alle seksjonane. Stillinga kan også verte tillagt studieadministrative oppgåver.

Institutt for klinisk psykologi har undervisningsansvaret på profesjonsstudiet i psykologi med hovudtyngda i siste del av studiet. I samarbeid med Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, har instituttet etablert Psykologiske universitetspoliklinikk kor vidarekomne studentar på profesjonsstudiet gir et utgreiings- og behandlingstilbod til pasientar under rettleiing av psykologspesialistar. Verksemda ved Psykologisk universitetspoliklinikk har såleis ein dobbeltkarakter som studieemne og helsetilbod.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene som førstekonsulent er knytt til den daglege drifta av Psykologisk universitetspoliklinikk, med vil også ha administrative oppgåver knytt til institutta og fakultetet.

Hovudoppgåvene i stillinga vil vere:

  • klinikkadministrasjon og oppfølging av tilsette og studentar i deira pasientarbeid
  • opplæring av studentar og tilsette i klinikkens rutinar og system
  • administrator av elektronisk pasientjournalsystem (PsykBase) inkl. tilgangar og brukarstøtte
  • ekspedisjon og administrativ kontaktperson for pasientar og tilvisarar
  • administrativ støtte til klinikkleiar, seksjonsleiarar og veiledarar
  • medverking til og oppfølging av møter ved klinikken
  • arbeid knytt til forsking i klinikken og ved instituttet
  • deler av stillinga vil være knytt til fakultetsadministrative oppgåver som til dømes studieadministrasjon og innkjøp
  • andre oppgåver kan verte lagt til stillinga og innhaldet i stillinga vil kunne bli endra i tråd med vidareutvikling av universitetspoliklinikken og/eller fakultetets og institutta sin administrasjon

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjarar må ha høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan i særskilde tilfelle oppnåast gjennom lang og relevant praksis saman med etter- og vidareutdanning. Ved vurdering av søkjarane vil vi leggje vekt på praksis frå universitets- eller høgskulesystemet.
  • stillinga vil ha saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver, samt driftsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne
  • den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, like å arbeide med menneske, ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel og serviceinnstilt
  • gode framstillingsevner munnleg og skriftleg på båe målføre og på engelsk
  • digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn som førstekonsulent etter lønssteg lønssteg 51 - 55 (kode 1408/LR 21, minimum alternativ 6) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 468 300 - 499 500
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS