Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Førstekonsulent (studiekonsulent, vikariat) - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 16.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1,er det ledig eit vikariat som førstekonsulent (studiekonsulent) (100 %) med tilsetjing frå 1. april 2020. Vikariatet er ut 2020, men kan verte forlenga. Stillinga inngår i felles studieadministrasjon ved Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2, som til saman utgjer 9 personar. Arbeidsmiljøet er godt og inkluderande.

Studieadministrasjonen arbeider for å leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar. Dette skjer i tett samarbeid med forelesarar, studenttillitsvalde og studentkull, og ikkje minst Haukeland Universitetssjukehus i høve til undervisning som vert gitt der.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilrettelegging for undervisning for studentane på dei ulike programma
  • Studieadministrasjon av klinisk emne
  • Timeplanlegging
  • Eksamens- og evalueringsarbeid
  • Andre administrative og prosjektbaserte oppgåver kan og bli aktuelle

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Kjennskap til og erfaring frå universitetssystemet og offentleg forvaltning samt god
  • administrativ IT-kompetanse.
  • Interesse for og erfaring frå relevant studieadministrativt arbeid
  • Erfaring med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (til dømes FS og TP) blir lagt vekt på.
  • Kjennskap til medisin-, farmasi, og/ eller ernæringsstudiet og studieadministrasjon av kliniske emne er ein føremon.
  • God evne til å kommunisere munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • tek initiativ, likar å løyse problem og er serviceinnstilt
  • er fleksibel og sjølvstendig
  • kan handtere ei stor mengde med informasjon

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i lønssteg 47-53 (for tida kr 428 200 - 472 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:

  • Studiekoordinator Tore Lillebø, e-post tore.lillebo@uib.no, telefon 55 97 30 63

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS