Førstekonsulent (studiekonsulent) - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 08.08.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent i studieadministrasjonen (100 %) med tilsetjing så snart som mogeleg.
Studieadministrasjonen er felles for Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2 og den som vert tilsett vert del av eit team på 9 personar som tilhøyrar studieadministrasjonen. Stillinga rapporterer til Klinisk Institutt 2 som er eit av de største institutta ved Universitetet i Bergen, både med tanke på tal tilsette og budsjettomfang. Instituttet består av 350 tilsette og ein administrasjon på 20 personar. Vi forvaltar eit budsjett på over 200 millionar kroner.
Arbeidsoppgåver:
leggje til rette for god undervisning for medisin-, ernæring- og farmasistudentar
studieadministrasjon av kliniske emne, timeplanlegging, eksamens- og evalueringsarbeid
samarbeid med forelesarar, studenttillitsvalde og studentkull, og med Haukeland Universitetssjukehus i høve til undervisning som vert gjeven der
samarbeid med fakultetet sin studieadministrasjon og dei andre institutta ved fakultetet
andre saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha bachelorgrad. Mastergrad er ein føremon. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
må kunne bruka begge målføre (nynorsk og bokmål), samt munnleg og skriftleg engelsk
kjennskap til og røynsle frå universitetssystemet og offentleg forvalting samt god administrativ IT-kompetanse er ønskjeleg
interesse for og røynsle frå relevant studieadministrativt arbeid, samt røynsle med dei fellessystema som UiB nyttar til studieadministrasjon (FS, Mi side, ePhorte, Syllabus og andre) blir lagt vekt på
Vi søkjer ein person som
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
jobbar sjølvstendig, effektiv, strukturert, nøyaktig og pliktoppfyllande
er serviceinnstilt, like å arbeide med studentar og kunne samarbeide med det vitskaplege personalet i eit spanande og allsidig medisinsk forskingsmiljø, og eit hektisk og travelt universitetsmiljø
har evne til å halde oversikta over ei stor mengde informasjon og samstundes ivareta detaljane
har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
har evne til problemløysing og initiativ til nye måtar å løyse arbeidsoppgåvene på, både for deg sjølv og for studieadministrasjonen
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
stilling som førstekonsulent (kode 1408) med bachelorgrad i lønssteg 47-53 (for tida kr 439 900 - 483 700) og med mastergrad i lønssteg 55-61 (for tida kr 499 500 - 553 500) i det statlege lønsregulativet. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til:
Administrasjonssjef ved Klinisk institutt 2: Maria Holmaas, e-post: Maria.Holmaas@uib.no, telefon 55 58 54 09
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.