Førstekonsulent (driftsøkonom) ved Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 02.02.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 og Klinisk institutt 2, er det ledig stilling som førstekonsulent (100 %) med tilsetjing så snart som mogeleg.
Stillinga inngår i økonomiseksjonen ved fakultetet, med arbeidsoppgåver knytt til den daglege drifta av institutta.
Arbeidsoppgåver:
Rekneskaps- og økonomiarbeid som handtering av bestillingar og fakturabehandling (inngåande og utgåande)
Superbrukar og brukarstøtte knytt til bestillings- og fakturasystem (UBW)
Saksbehandlingsoppgåver
Generell støtte til instituttleiinga i driftsoppgåver
Hjelpe institutta med diverse økonomioversikter og rapportar
Bidra i andre driftsoppgåver økonomiseksjonen har ansvar for
Økonomioppfølging av ekstern- og internfinansierte prosjekt
Bidra til prosess og rutineforbetringar
For særskild kvalifiserte arbeidstakarar kan det verte aktuelt med andre oppgåver:
Støtte og oppfølging knytt til eksterne prosjekt i ulike fasar; Søknads, - kontrakts-, drifts - og avslutningsfase
Økonomioppfølging; budsjettering, avviksanalysar og økonomirapportering
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant erfaring frå rekneskap/controlling
Gode ferdigheiter i excel og økonomisystem
Evne til å uttrykke deg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk
Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
Erfaring med økonomiarbeid frå tilsvarande verksemd og kjennskap til universitetssektoren er ein føremon
Ynskjeleg med kjennskap til Unit4-ERP eller liknande system
God tall- og rekneskapsforståing er ein føremon
Vi søkjer ein person som:
er serviceinnstilt og positiv
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er strukturert, jobbar effektivt og har god gjennomføringsevne
er sjølvstendig og evner problemløysing
har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har interesse for forbetringsarbeid og nye løysingar
ynskjer å bidra til vårt gode arbeidsmiljø
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn som førstekonsulent (kode 1408) er for tida kr 509 300 – 540 500 (lønssteg 51 -55). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.