Førstekonsulent (20%, midlertidig) til Termportalen ved Språksamlingane
Søknadsfrist: 30.10.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heve generell informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Velkomen som søkjar til ei mellombels 20 % stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) ved Termportalen, Språksamlingane, Universitetsbiblioteket i Bergen. Stillinga er på 18 månadar med moglegheit for forlenging. Oppstart snarast.
Om Termportalen
Termportalen er det nasjonale kompetansemiljøet for terminologi og fagspråk, og er ein del av Språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Termportalen har ansvaret for å forvalte den nasjonale infrastrukturen for terminologi og skal bidra til målet om norsk terminologi på alle fagområda i universitets- og høgskulesektoren. Termportalen er finansiert av Kunnskapsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet, og arbeidet skjer i samråd med Språkrådet.
Om Språksamlingane
Språksamlingane tilhøyrer Seksjon for spesialsamlingar ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Språksamlingane inneheld både fysisk materiale og digitale samlingar for terminologi, ordbøker (leksikografi), namnegransking, målføre og dialektologi, gammalnorsk og norrønt. Termportalen har vore ein del av Språksamlingane sidan 2018.
Arbeidsoppgåver:
omsetjing av helsefagleg terminologi frå bokmål til nynorsk i samarbeid med Helsedirektoratet
korrektur og kvalitetssikring av einskildtermar
deltaking i regelmessige møte med førebuing og etterarbeid
andre oppgåver knytt til Termportalen etter avtale
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på bachelornivå i nordisk språkvitskap eller lingvistikk, men relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
Du må ha interesse for terminologi og fagspråk og personleg motivasjon for stillinga
Du bør ha erfaring frå arbeid som nynorskomsetjar og med helsefagleg terminologi
Du må vere ryddig og nøyaktig og i stand til å handtere store mengder informasjon
Du må ha solide kunnskapar i både bokmål og nynorsk, og god engelskkunnskap
Du må vere strukturert, fleksibel og med evne til å arbeide sjølvstendig
Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Lønn som førstekonsulent (kode 1408) kr. 509 300 – kr. 540 500 (ved 100% stilling) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Mangfald er ein styrke og gjer at me kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Me oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Me inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.