LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Førstekonsulent / seniorkonsulent (administrasjonskonsulent) - Geofysisk institutt

Søknadsfrist: 14.03.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Førstekonsulent /seniorkonsulent (administrasjonskonsulent)

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som administrasjonskonsulent (førstekonsulent/seniorkonsulent).

Vi søkjer ein positiv, nysgjerrig, driftig og strukturert medarbeidar til ei stilling i administrasjonen med eit stort spenn av oppgåver innan drift og leiarstøtte.

Geofysisk institutt er sentralt i universitetet sine satsingsområde klima og energiomstilling, og driv undervisning og forsking innan biogeokjemi, fornybar energi, fysisk oseanografi, klima og meteorologi. Instituttet har ein omfattande forskningsaktivitet i ein betydeleg prosjektportefølje. For nærare informasjon om instituttet, sjå www.uib.no/gfi. 

Instituttadministrasjonen har 11 tilsette som yter administrativ støtte til fagmiljøa innan områda studieadministrasjon inkl. forskarutdanning, forskingskoordinering, forskingsadministrasjon, informasjonstenester, personal- og økonomiforvaltning. Administrasjonen si målsetjing er å leggje forholda best mogleg til rette slik at dei vitskapleg tilsette kan drive forsking, utdanning og formidling av høg kvalitet.

Arbeidsoppgåver

Den tilsette vil få varierte arbeidsoppgåver innan administrative tenester knytt til instituttets ekspedisjon.

Døme på oppgåver er:

  • Generelle administrative oppgåver som post, varemottak, adgangskort/nøklar, telefon, bestille rom
  • Innkjøp/bestilling av varer og tenester (som fagrekvirent)
  • Arbeidskontrakter for studentassistentar
  • Koordinere mottak av nye nye tilsette og gjesteforskarar
  • Møteførebuing og arrangementstøtte inklusive disputaser
  • Informasjonsarbeid, t.d. nyheitsbrev, arrangementsinformasjon på nett
  • Areal- og kontorforvaltning
  • Legge til rette for møter og skolebesøk ved instituttet

Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid. Administrasjonskonsulenten skal rapportere til administrasjonssjefen som er næraste overordna. Vi oppmoder alle interesserte til å søke. Mangler du formell utdanning eller har kort arbeidserfaring kan det vere aktuelt å tilby ei stilling som førstekonsulent.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha

  • Utdanning på bachelornivå og det er ønskeleg med mastergrad. Tilsvarande kvalifikasjonar kan du ha oppnådd gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning.
  • Erfaring frå koordineringsarbeid vil vere ei føremon. Det same gjeld kjennskap til administrering av nettsider og relevant praksis frå universitets- eller høgskulesektoren.
  • Vi vil vektlegge brei erfaring i bruk av Microsoft Office-programvare og kjennskap til datasystema som er i bruk ved UiB (t.d. innkjøpssystem, FS, ephorte).

Språk

  • God skriftleg framstillingsevne på båe målføre i tillegg til engelsk skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, effektiv og strukturert. 
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og vere ansvarsmedviten.
  • Du trivst med å handtere mange og ulike oppgåver i eit dynamisk og internasjonalt miljø.
  • Du er omstillingsdyktig og initiativrik.
  • Du er ivrig etter og motivert for å bli vår nye kollega.

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Stillingskategori som førstekonsulent 1408 eller seniorkonsulent 1363 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.
  • Løn kr 509 300 – 575 400 per år før skatt avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar (svarar til lønssteg 51-59 i statens regulativ). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Administrasjonssjef Kristin Kalvik, kristin.kalvik@uib.no, telefon 55582601

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS