Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Fast stilling som seniorkonsulent ved Senter for klima og energiomstilling (CET)

Søknadsfrist: 06.03.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Senter for klima og energiomstilling (CET, www.uib.no/cet) er det ledig ei fast 100% stilling som seniorkonsulent. CET er eit tverrfagleg forskingssenter som skal produsere handlingsretta kunnskap om korleis vi kan få til nødvendig og berekraftig omstilling av samfunnet for å møte klimautfordringane.

Vi søkjer nå etter ein seniorkonsulent som i hovudsak vil ha oppgåver knytt til administrasjon og kommunikasjon for styrking og synleggjering av senteret. Den som vert tilsett vil få delta i ei spennande oppbyggingsfase for senteret, inngå i eit dynamisk forskingsmiljø og få gode utviklingsmoglegheiter.

Arbeidsoppgåver:

  • Administrative oppgåver knytt til drift av senteret
  • Kommunikasjon og rapportering frå senterets forsking og aktivitetar
  • Utvikling og oppdatering av nettsider
  • Organisering av møter, seminar og konferansar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Relevant mastergrad eller tilsvarande høgare utdanning
  • Erfaring frå administrativt arbeid og kommunikasjonsarbeid
  • Kjennskap til/interesse for klima og energiomstilling er ein føremon
  • God språkkunnskap i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Open, omgjengeleg og fleksibel
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som seniorkonsulent i kode 1363 i det statlege regulativ, ltr.55-59 avhengig av tenesteansiennitet og kompetanse. Dette utgjer for tida kr. 488 00 – 523 200 per år. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Generell informasjon:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk via lenke på denne sida ”Søk på jobben”.

Søknadsfrist: 6. mars 2020

Søknaden skal merkast 20/1772

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med nedsett funksjonsevne og innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS