LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Controllar (seniorkonsulent, vikariat)

Søknadsfrist: 04.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Controllar (seniorkonsulent, vikariat)

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig ei stilling som seniorkonsulent (controllar). Stillinga er eit vikariat med varigheit ut april 2023, men med moglegheit for forlenging. Ønska oppstart er så snart som mogleg.

Hos oss vil du jobbe tett på forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 4000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliard kroner. Forsking og undervising skjer på institutt og i sentre.

Økonomiseksjonen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet) har om lag 25 medarbeidarar som sit samla i Realfagbygget og er delt inn i tre temagrupper; totaløkonomi, generell økonomi og prosjektøkonomi. Oppgåva er å levere gode økonomitenester og -støtte til fakultetet og alle institutt og sentre knytt til fakultetet.

Vi søkjer ein vikar til temagruppa totaløkonomi. Som controllar vil du jobbe tett på fakultet og institutt med forsking og utdanning i eit mangfaldig og internasjonalt miljø.

Eit av dei viktigaste måla til økonomiseksjonen er å sikre god service og høg kvalitet på økonomitenestene overfor alle brukarane. Vi skal sikre gode og rettidige leveransar til institutt- og fakultetsleiinga og til prosjektleiarane, og bidra med service som kan hjelpe den einskilde med støtte til gode avgjerder og god økonomistyring. Det er eit uttalt mål at vi ynskjer at eininga skal vere rigga for framtidige utfordringar og konkurransesituasjonen MN-fakultetet er i. I dette ligg at det fortløpande må byggjast kompetanse om noverande og potensielle bidragsytarar.

Vi søkjer ein sjølvstendig, strukturert og omgjengeleg medarbeidar med god økonomiforståing. Som tilsett vil du jobbe i ein høgt kompetent og inkluderande administrasjon og få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver innan økonomifeltet. Du rapporterer til seksjonssjef.

Arbeidsoppgåver:

Døme på arbeidsoppgåver som vert definerte under feltet totaløkonomi

  • Budsjett og rebudsjettering inkl. langtidsbudsjett
  • Rapportering og prognosearbeid
  • Leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til instituttleiing og andre
  • Avstemmingar
  • Statistikk og analysearbeid
  • Kvalitetsutvikling og -kontroll
  • Vidare utvikling av totaløkonomifeltet og seksjonen

Utviklingsarbeid og fagleg oppdatering er ein naturleg del av stillinga. Stillinga sitt innhald kan bli endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Søkjarar bør ha kjennskap til og erfaring frå universitetssystem eller annan høgare utdanning / forvaltning.
  • Søkjarar bør ha relevant praksis innanfor stillinga sine ansvarsområde.
  • Søkjarar bør ha erfaring frå arbeid med koordinering og teamarbeid.
  • God administrativ IT-kompetanse, særleg innan Excel, er ein føresetnad.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheitar i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som

  • har interesse for tal og har god økonomiforståing
  • er strukturert, målretta og har god gjennomføringsevne
  • har analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet
  • trivst med endring og ha mange jarn i elden
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar innan eige ansvarsområde

Du må vere

  • initiativrik i høve til nye arbeidsmåtar, system og rutinar
  • serviceinnstilt, resultat- og løysingsorientert

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 57 - 65 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 516 100 – 594 300 . For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgre løn.
  • kompetanse- og karriereutvikling
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS