Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Vil du vere med å skape eit meir berekraftig universitet?
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Er du vår nye berekraftspilot?
Universitetet i Bergen består av rundt 20 000 studentar og 4000 tilsette. Skal vi nå våre klimamål og bli eit meir berekraftig universitet er det særs viktig at studentmassen involverast. Vi lyser derfor ut ei 20 %-stilling som berekraftspilot. I arbeidet som berekraftspilot vil du kunne bidra med ditt eige perspektiv inn i UiB sitt arbeid med berekraft. Du vil ha faste møtepunkt opp mot leiinga ved universitetet og har moglegheit til å direkte påverke UiB sitt arbeid med berekraft. Det vil også vere moglegheiter for samarbeid med næringsliv, organisasjonsliv og relevante aktørar i studentmassen som eksempelvis Studentparlamentet ved UiB. Den som blir tilsett i stillinga vil samarbeide tett med tre andre berekraftspilotar med ulike ansvarsområde.
Vi søkjer ein student til å fylle stillingar innafor følgande arbeidsområde:
Kommunikasjon og formidling
Skal formidle Berekraftspilotane sine prosjekt og idear gjennom sosiale medium og andre relevante kanalar.
Eksemplar på andre oppgåver:
Lage og gjennomføre plan for kommunikasjon i samarbeid med dei andre pilotane.
Ansvarleg for å oppdatere og vidareutvikle delar av nettsida om UiB Bærekraft.
Inngå i kommunikasjonsgruppe for klimasatsinga ved UiB
Vert tilsett for to semester, fram til 19. desember.
Som berekraftspilot ved UiB vil du:
Bidra med din stemme inn i UiB sitt arbeid med berekraft og klima[OK1]
Få oppfølging av ein mentor knytt til arbeidsområdet.
Planlegge, gjennomføre og evaluere aktivitetar som kan bidra til å sette berekraft og klimaarbeid på dagsorden ved UiB, innafor ramma for budsjett tildelt berekraftspilotane sitt arbeid.
Følgje opp og gjennomføre faste oppgåver og prosjekt.
Ha fast kontortid ein dag i veka saman med dei andre berekraftspilotane.
Ha dialoglunsjar med rektoratet kvart semester.
Utarbeide årsrapport som skal vere klargjort før avslutning av oppdragsperioden.
Vi søkjer etter deg som:
Er student ved Universitet i Bergen og vil vere det gjennom heile oppdragsperioden.
Har interesse for kommunikasjonsarbeid.
Beherskar norsk flytande munnleg og skriftleg.
Har eit stort engasjement for berekraft og eit ynskje om å legge til rette for studentane si rolle i arbeidet.
Har interesse for prosjektarbeid
Likar å arbeide i team, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig.
Er initiativrik, kreativ og arbeider målretta.
Er fleksibel, men klarer samtidig å ha en god balanse mellom studiar, fritid og arbeid.
Vi kan tilby:
Erfaring med arbeid i ein stor statleg organisasjon.
Du vil få utvida og etablert nettverket ditt ved UiB.
Arbeidstidene vil vere fleksible slik at du kan kombinere stillinga med studiar.
Løn som konsulent (kode 1065) med ei årslønn mellom kr 437 900 - kr 448 900 i 100 % stilling, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særs kvalifiserte søkjar kan høgare løn vurderast.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
Gode velferdsordningar.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Miljøkoordinator Jonas Berven Asbjørnsen, Eigedomsavdelinga, tlf. nr. 461 14 683
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga