LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrativ koordinator (seniorkonsulent) for Computation Biology Unit (CBU)

Søknadsfrist: 05.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrativ koordinator (seniorkonsulent)

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei fast stilling som administrativ koordinator (seniorkonsulent, kode 1363) for Computional Biology Unit (CBU). CBU har nyleg oppnådd framifrå resultat i evalueringa gjennomført av Forskningsrådet. Du får ein unik moglegheit til å arbeide med dei fremste fagpersonane innan sitt felt og delta i spennande vidareutvikling av senteret i framtida.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk speler ein stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet.

Arbeidsoppgåver

Administrativ koordinator har ansvar for dagleg administrasjon av CBU og yt leiarstøtte til fagleg leiar for CBU. Stillinga inngår i instituttet si administrasjon og rapporterer til administrasjonssjefen, mens din arbeidsleiar på dagleg basis er den faglege leiaren for CBU.

Du vil få ansvar for/bidra i eit breitt spekter av administrative oppgåver, til dømes:

  • organisering av møter, konferansar, disputasar og andre arrangement
  • økonomistyring i tett samarbeid med fagleg leder, prosjektøkonom og instituttleiinga
  • aktivitetar som handlar om kommunikasjon med omverda, rekruttering av studentar, populærvitskapelege framstillingar og utvikling og vedlikehald av nettsider
  • bestilling av varer og tenester (fagrekvirent)
  • halde oversikt over tilsetjingsprosessar og stillingar ved CBU
  • mottak av nytilsette og gjester ved CBU
  • sekretær for CBU sitt styre
  • ta del i planlegging og drift av andre aktuelle oppgåver ved CBU
  • andre administrative oppgåver ved CBU eller for instituttet kan også leggjast til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha:

  • Utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis frå administrativt arbeid
  • Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse

Det er ein føremon om du også har:

  • kjennskap til og erfaring frå administrativt arbeid i universitet- høgskule-/instituttsektoren
  • god organisasjons- og rolleforståing
  • god forståing for vitskapeleg verksemd og erfaring frå samarbeid mellom institusjonar
  • erfaring frå multikulturelt arbeidsmiljø
  • erfaring/kompetanse i økonomirapportering og god generell økonomi forståing

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, mellom anna:

  •  gode samarbeidsevner
  • evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • evne til å organisere, koordinere og prioritere eit bredt spekter av oppgåver
  • fleksibel og serviceorientert
  • evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
  • evne til å trivast i ein hektisk arbeidskvardag i eit internasjonalt miljø, til tider med stort arbeidspress

Vi kan tilby

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 58 - 63 (for tida kr 565 900- 615 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

For HR relaterte spørsmål, ta kontakt med HR-rådgjevar Karoline Christiansen. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS