Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Administrasjonskonsulent (Seniorkonsulent)
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 , er det ledig ei fast stilling som administrasjonskonsulent (seniorkonsulent).
Vi søkjer ein positiv, driftig og strukturert medarbeidar til ei stilling i administrasjonen med eit stort spenn av oppgåver innan drift og leiarstøtte.
Klinisk institutt 1 driver medisinsk forsking og utdanning på høgt internasjonalt nivå innan medisin og klinisk ernæring. Dei fleste av våre vitskapelege tilsette er tilsett i helseføretak på Vestlandet og mykje av vår aktivitet er i nært samarbeid med sjukehusa. Klinisk Institutt 1 tilbyr emne i profesjonsutdanninga i medisin, samt bachelor- og masterutdanning i ernæring. I tillegg underviser tilsette ved instituttet odontologi- og tannpleiestudentar innan patologi.
Instituttadministrasjonen yter administrativ støtte til fagmiljøa innan områda studieadministrasjon inkl. forskarutdanning, forskingskoordinering, forskingsadministrasjon, informasjonstenester, personal- og økonomiforvaltning. Administrasjonen si målsetjing er å leggje forholda best mogleg til rette slik at dei vitskapleg tilsette kan drive forsking, utdanning og formidling av høg kvalitet.
Arbeidsoppgåver:
Den tilsette vil få varierte arbeidsoppgåver knytt til instituttets administrasjon.
Stillingas innhald kan bli endra som følgje av instituttets kontinuerlege utviklingsarbeid. Administrasjonskonsulenten skal rapportere til administrasjonssjefen som er næraste overordna.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha utdanning på bachelor nivå. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant erfaring innan administrative oppgåver er eit krav
God digital kompetanse er eit krav.
Erfaring frå koordineringsarbeid vil vere ei føremon. Det same gjeld relevant praksis frå universitets- eller høgskulesektoren.
Vi vil vektlegge brei erfaring i bruk av Microsoft Office-programvare og kjennskap til datasystema som er i bruk ved UiB (t.d. innkjøpssystem, Elements, DFØ).
God skriftleg og munnleg førestellingsevne på både norsk og engelsk er eit krav.
Vi søkjer ein person som
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
er serviceinnstilt og fleksibel
har evne til å tilegne seg nye ferdigheter
er sjølvstendig, effektiv, strukturert og pliktoppfyllande
er omstillingsdyktig og initiativrik
har evne og vilje til å handtere er stort saksspenn og ulike saker parallelt
bidreg aktivt for å skape eit godt arbeidsmiljø
er motivert for å bli vår nye kollega
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 557 100 – 615 700. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.