Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Admininstrasjonskonsulent 50 % (førstekonsulent)
Ved Kjemisk institutt er det ledig eit vikariat i 50 % stilling som førstekonsulent i administrasjonen frå og med 1. oktober 2025. Antatt varigheit eitt år, med mogligheit for forlenging.
Om instituttet
Kjemisk institutt er eitt av sju institutt ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved UIB. Instituttet har ca. 80 tilsette, og driv utdanning og forsking på høgt nivå.
Instituttadministrasjonen er til saman fire medarbeidarar, leia av administrasjonssjef. Målsetninga for administrasjonen er å leggje til rett for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Den som blir tilsett blir ein del av ein triveleg og velfungerande administrasjon som løyser mange ulike oppgåver.
Arbeidsoppgåver
Ekspedisjon, bl.a. telefon, nøklar, postpakker, mottak og oppfølging av gjestar, samt ulike saker frå tilsette og studentar.
Enklare sakshandsaming, bestilling av rom, bestilling av varer, bestilling av kontraktar for korttidstilsette mm.
Andre oppgåver i administrasjonen
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar
Du bør ha høgare utdanning på Bachelor-nivå, men relevant praksis kombinert med relevant etterutdanning kan kompensere for manglande formell utdanning.
Relevant praksis er eit krav.
God IT-kompetanse er eit krav.
Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein fordel.
Evne til å kommunisere både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk vil bli vektlagt.
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar som er viktige i stillinga vil bli vektlagt:
fleksibilitet, stabilitet, serviceinnstilling.
god orden og evne til å arbeide sjølvstendig.
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Hyggelege og dyktige kollegaer i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Stilling som førstekonsulent (kode 1408) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn mellom kr. 536 000 til kr. 580 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare.
Lån-, pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Administrasjonssjef Signe Solberg, telefon 915 60 933 eller epost: signe.solberg@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.