Stilling:

Forskingskoordinator (seniorkonsulent) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist 4. november 2018

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det frå 1. desember 2018 og inntil 1. september 2019, ledig ei prosjektfinansiert vikarstilling som forskingskoordinator (seniorkonsulent i 80-100 %). Det kan verte høve til forlenging av vikariatet. Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer.

Om instituttet/prosjektet

Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS) sin forskingsvisjon er: betre helse, betre samfunn. IGS driv forsking og utdanning på eit breitt spekter av fagområder; fysioterapi, genetisk rettleiing, epidemiologi, samfunnsmedisin, statistikk, sjukepleie, samfunnsfarmasi, etikk og allmennmedisin.

Instituttet husar også fleire sentre: Internasjonal helse (SIH), alders- og sjukeheimsmedisin (SEFAS), tverrprofesjonell samarbeidslæring (TVEPS) og eit Senter for framifrå forsking; CISMAC.

Du kan lesa meir om instituttet her: IGS ved UiB

UiB er koordinator for eit stort NFR-finansiert infrastrukturprosjekt, PraksisNett, kor den koordinerande eininga i prosjektet ligg ved IGS.

Les meir om prosjektet her:

https://www.uib.no/praksisnett

Arbeidsoppgåver:

  • Administrativ-/ forskingskoordinator for koordinerande eining for PraksisNett
  • Administrere IT-plattformen for prosjektet (tilgangskontroll, uttak av rapportar, monitorering, utsending av invitasjonar til forskingsprosjekt)
  • Sakshandsame framlegg til forskingsprosjekt som vil nytte PraksisNett
  • Prosjektøkonomi (bestillingar, økonomirapportering og kontroll) Kommunikasjonsarbeid (kommunikasjons- og marknadsføringstiltak, nettside)
  • Møteadministrasjon (møteinnkallingar, referatskriving, tingingar)
  • Høgt kvalifiserte sakshandsamingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysingsevne (juridiske dokument, IT-dokument, økonomi-dokument, NFR-rapportering)
  • Det må reknast noko reising i stillinga

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Berit Øxnevad-Gundersen, telefon 55 58 60 49/ 922 61 096, epost: Berit.Oxnevad-Gundersen@uib.no

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Flytande skriftleg og munnleg engelsk
  • Relevant praksis er eit krav, helst frå forskingsadministrasjon og prosjektøkonomi
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil verte vektlagt

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 53-57 (for tida kr 464 800 - 497 000). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida:

http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknad

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Søknaden skal omfatte:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse. Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS