Ledig stilling på Universitetet i Oslo
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Studiekonsulent - Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Søknadsfrist: 23.10.2022
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet. Dei vitskapleg tilsette ved instituttet arbeider med forsking, undervisning og formidling innan fagområde som omfattar allmenn lingvistikk, fleirspråklegheit, mellomalderstudium (norrøn filologi og keltisk), nordisk litteratur (inkludert litteraturformidling og Ibsen-studium), nordisk språk (inkludert norsk som andrespråk) og retorikk og språkleg kommunikasjon.
Om stillinga
Vi har for tida ein ledig fast stiling som studiekonsulent (seniorkonsulent 1363) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Studiekonsulenten er ein del av eit team på 8 personar som dekker alt administrativt arbeid knytt til instituttet sine studieprogram frå bachelor til PhD.-nivå, samt kurs i norsk for internasjonale studentar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen
- administrativ drift av program og emne
- evaluering og kvalitetssikring, medrekna enklare utgreiingsarbeid
- mottak, rettleiing og oppfølging av studentar
- informasjonsarbeid og redigering av nettsider
- generell sakshandsaming
Det kan óg bli lagt andre oppgåver til stillinga
Kvalifikasjonskrav
- utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, men ein fordel med mastergrad. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
- gode kommunikasjonsevner
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- gode IT-kunnskapar
- relevant praktisk erfaring frå studieadministrasjon i universitetets- og høgskulesektoren
- personleg høvelegheit og motivasjon for stillinga
Vi ser etter søkarar som:
- er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
- trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
- har evne til å arbeide målretta og strukturert
- er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
- har gode samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
Vi ser etter søkarar som:
- er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
- trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
- har evne til å arbeide målretta og strukturert
- er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
- har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- lønn frå kr 509 500 til kr 584 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent
- eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
- god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
- stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystemet vårt, klikk "Søk stillinga".
Andre opplysningar
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.
Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Søk stillinga