Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Studiekonsulent - Institutt for musikkvitskap
Søknadsfrist: 10.05.2021
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.
Om stillinga
Ved Institutt for musikkvitskap har vi ledig ei mellombels stilling med høve for fast tilsetjing som førstekonsulent SKO 1408/seniorkonsulent SKO 1363 frå august 2021.
Som studiekonsulent vert du ein del av det studieadministrative teamet på eit instituttet som har eit spennande og kreativt fagmiljø.
I det daglege vil du samarbeide med tett studiekoordinator og eksamenskonsulent. Du får ansvaret for bachelor og masterprogramma i musikkvitskap, med varierte oppgåver innan studieadministrasjon. Du vil i arbeidet ditt ha mykje kontakt med programleiarane, undervisarar og studentar, og ha ansvar for informasjon på studieprogramma sine nettsider.
Arbeidsoppgåver
undervisnings- og eksamensplanlegging
drift av emne og gjennomføring av eksamen
vedlikehald og oppdatering av nettsider (program-, emne- og semestersider)
sakshandsaming
oppfølging og rettleiing av studentar
anna studieadministrativt arbeid, mellom anna internasjonalisering
Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
utdanning minimum tilsvarande bachelornivå, men det er ein fordel med mastergrad. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
gode kommunikasjonsevner
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
gode IT-kunnskapar
det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren
det er ein fordel med erfaring med studieadministrative system som FS, TP, Canvas, Inspera og ePhorte
Vi ser etter søkjarar som er initiativrike og løysingsorienterte, men som kan jobbe sjølvstendig. Den som vert tilsett må være serviceinnstilt og liker med å jobbe med menneske, og ha evne til å jobbe målretta og strukturert.
Vi treng ein person som trivs med høgt tempo, varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og som kan jobbe som lagspiller i en kunnskapsorganisasjon med mange interessentar og kontaktar.
I vurderinga av søkjarane legg vi særleg vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
Vi tilbyr
lønn frå kr 451 700,- til kr 516 400,- per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent
lønn frå kr 490 600,- til kr 566 700,- per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent
Vi søkjer i utgangspunktet etter ein førstekonsulent. Ved eventuell tilsetjing i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og kompetanse.
Søknaden skal innehalde
søknadsbrev
CV
Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.
Andre opplysningar
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Administrativ leder Målfrid Hoaas, tlf: +47 22844428, e-post: malfrid.hoaas@imv.uio.no