Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - Institutt for lingvistiske og studium

Søknadsfrist: 04.10.2020

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) er eitt av sju institutt ved Det humanistiske fakultetet.


Dei vitskapleg tilsette ved instituttet arbeider med forsking, undervisning og formidling innan fagområde som omfattar allmenn lingvistikk, fleirspråklegheit, mellomalderstudium (norrøn filologi og keltisk), nordisk litteratur (inkludert litteraturformidling og Ibsen-studium), nordisk språk (inkludert norsk som andrespråk) og retorikk og språkleg kommunikasjon.

Om stillinga

Vi har for tida ei ledig stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent 1363) ved Institutt for lingvistiske og studium.

Studiekonsulenten er ein del av eit team på 8 personar som dekker alt administrativt arbeid knytt til instituttet sine studieprogram frå bachelor til ph.d.-nivå, samt kurs i norsk for internasjonale studentar.

Arbeidsoppgåver

  • planlegging og oppfølging av undervisning og eksamen
  • administrativ drift av program og emne
  • evaluering og kvalitetssikring, medrekna enklare utgreiingsarbeid
  • mottak, rettleiing og oppfølging av studentar
  • generell saksbehandling
  • informasjonsarbeid og vedlikehald av nettsider

Det kan og bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (men ein fordel med mastergrad). Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (båe målformar) og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • relevant arbeidserfaring frå studieadministrasjon
  • personleg høvelegheit og motivasjon for stillinga

Vi ser etter søkarar som

  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå 488 000 til kr 563 700 per år, avhengig av ansiennitet og kompetanse for stilling som seniorkonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via det elektroniske rekrutteringssystemet vårt, klikk “Søk stillinga”.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til Regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktpersonar

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om prosessen:

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS