Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rekneskapskonsulent ved Det humanistiske fakultet

Søknadsfrist: 09.05.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Det humanistiske fakultet søker ein rekneskapskonsulent. Du får ei nøkkelrolle i å legge til rette for gode tenester på innkjøp, time- og oppdragskontraktar og andre rekneskapsoppgåver på eit av dei største fakulteta på Universitet i Oslo.

Om stillinga

Ei fast stilling i 100 % som rekneskapskonsulent (førstekonsulent SKO 1408) er ledig ved økonomiseksjonen på Det humanistiske fakultet.

Fakultetet gir fellestenester til institutta innanfor verksemdområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi.

Rekneskapskonsulenten er ein sentral ressurs for arbeidet med innkjøp, fakturahandtering og time- og oppdragskontraktar på Det humanistiske fakultet. Arbeidsoppgåvene i stillinga omfattar mellom anna generell støtte og bistand til institutta, opplæring av tilsette på fakultetet innanfor rekneskapsområdet, innkjøp, fakturahandtering, og time- og oppdragskontraktar. Det kan også bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Som tilsett vil du møte brukarar med mangfaldige behov, og du må kunne kommunisere godt med vitskapeleg tilsette. Du må like å jobbe i team og ha ei god serviceinnstilling. Du vil jobbe med 18 kollegaer på økonomiseksjonen, som er ein del av fakultetsadministrasjonen på Det humanistiske fakultet.

Økonomifunksjonen ved fakultet er delt i tre faggrupper: basis, prosjekt og rekneskap, der denne stillinga er plassert under rekneskap, men òg andre økonomioppgåver ved fakultetet kan bli lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Innkjøp
  • Behandling av inn- og utgåande fakturaer
  • Lønnsbilag, time- og oppdragskontraktar
  • Handtering av elektronisk betalingsløysing
  • Kontrollprogram rekneskap
  • Kontrollprogram lønn
  • Vedlikehald av innkjøpsskjema/nettskjema
  • Generell saksbehandling innanfor økonomi- og kontrollfunksjonar

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant økonomi- og rekneskapsfagleg utdanning frå universitet eller høgskule, tilsvarande bachelornivå eller relevant realkompetanse som kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar (god Excel kunnskap og generelt god systemforståing)
  • Det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid, spesielt erfaring frå innkjøp og lønnsbilag (innanfor universitets- og høgskulesektoren)
  • Det vil bli lagt vekt på om søkaren er godt personleg skikka for stillina

Personlege eigenskapar

Vi ser etter søkjarar som:

  • Har god talforståing og er nøyaktige
  • Er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • Er gode lagspelarar
  • Trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • Har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 490 600 til kr 566 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

  • Økonomisjef Trude Jensen, trude.jensen@hf.uio.no / 959 75 105

For spørsmål om korleis søke: personalrådgivar Julie Tøllefsen

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS