Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Rekneskapskonsulent - Det humanistisk fakultet

Søknadsfrist: 12.06.2024

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.

Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).

Det humanistisk fakultet søker en rekneskapskonsulent for rekneskap.

Om stillinga

Har du lyst til å jobbe i et spennande og sosialt miljø med andre økonomar, er dette stillinga for deg. Du får en nøkkelrolle for å legge til rette for gode tenester innan regnskapsområdet, på et av de største fakulteta på Universitet i Oslo.

Ei fast stilling i 100 % som rekneskapskonsulent (førstekonsulent SKO 1408/seniorkonsulent SKO 1363) er ledig ved økonomiseksjonen på Det humanistiske fakultet. Vi søker i utgangspunktet etter ein førstekonsulent. Ved eventuell tilsetting i stilling som seniorkonsulent, krevja det minimum bachelornivå på utdanning og relevant praktisk arbeidserfaring i forhold til fagfeltet i fem år eller meir.

Fakultetet gir fellestenester til institutta innanfor verksemdsområda personal/HR, kommunikasjon og økonomi. Rekneskapskonsulenten er ein sentral ressurs for arbeidet med rekneskap på Det humanistiske fakultet. Oppgåvene omfattar innkjøp, fakturahandtering, reiserekningar, utleggsrefusjonar, stipend, time- og oppdragskontraktar. I tillegg skal rekneskapskonsulenten gi generell støtte og bistand til institutta, behandle rekneskapsoppgåver i henhold til regelverket, opplæring av tilsette på fakultetet innanfor rekneskapsområdet og bidra til å lage rutinar og prosedyrar.

Som rekneskapskonsulent vil du møte brukarar med mangfaldige behov, og du må kunne kommunisere godt med vitskapeleg tilsette. Du må kunne kommunisere økonomi til ikkje økonomar. Du må like å jobbe i team og samarbeide med kollegaer og ha en god serviceinnstilling.

Du vil jobbe med 22 kollegaer på økonomiseksjonen. Økonomifunksjonen ved fakultet er delt i tre faggrupper: basis, prosjekt og rekneskap, der denne stillinga er plassert under rekneskap, men også andre økonomioppgåver ved fakultetet kan bli lagt til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Innkjøp/bestiller
  • Behandling av inn- og utgåande fakturaer
  • Reiserekningar, utleggsrefusjonar, stipend
  • Lønnsbilag, time- og oppdragskontraktar
  • Kontrollprogram rekneskap og lønn
  • Oppfølging av regelverket innanfor staten og økonomiområdet
  • Bistand ved utarbeiding av rutinar og prosedyrar
  • Generell saksbehandling innanfor rekneskap

Kvalifikasjonskrav 

  • Relevant økonomi- og rekneskapsfagleg utdanning frå universitet eller høgskule, tilsvarande bachelornivå og/eller fagskole eller relevant realkompetanse som kan kompensere for utdanningskravet
  • Gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilling
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på både norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar (generelt god systemforståing)
  • Det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid, spesielt erfaring innan innkjøp, reiserekningar og lønnsbilag
  • Det vil bli lagt vekt på om søkaren er godt personleg skikka for stillinga.

Vi ser etter søkarar som:

  • Har god talforståing og er nøyaktige
  • Er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • Samarbeidsvillig
  • Trivst med høgt tempo i periodar
  • Har evne til å arbeide effektivt og strukturert
  • Er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • Gode kommunikasjonsevner (norsk og engelsk)

Vi tilbyr

  • lønn frå kr 540 500 til kr 584 500 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent. For særleg kvalifiserte søkarar med minimum bachelor og relevant erfaring i 5 år eller meir, kan det vurderast seniorkonsulent med lønn frå kr 584 500 til kr 635 400.
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Vitnemål

Søknad med vedlegg må sendes via rekrutteringssystemet vårt, jobbnorge.

Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om korleis søke stillinga:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS