Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Personalkonsulent - Psykologisk institutt

Søknadsfrist: 28.01.2022

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Er du vår neste kollega ved Psykologisk institutt?

Om stillinga

Vil du jobbe med spennande rekruttering og varierte HR oppgåver ved eit institutt i stadig utvikling?

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, har ledig ei fast stilling som personalkonsulent (seniorkonsulent/rådgjevar SKO 1363/1434). Stillinga vil være plassert i instituttet sin administrasjon, men du som blir tilsett vil få hovudansvaret for HR-saker knytt opp til ei av instituttet sine fagavdelingar samt to senter. Dette inneber mellom annet tett samarbeid med fagavdelingsleiar samt mange forskarar.

Psykologisk institutt er eit institutt med høg aktivitet. Vi har dei siste åra har stor vekst i talet på tilsette samt at vi har utvikla oss mykje som organisasjon. Som administrasjon er det viktig at vi får gjennomført de driftsoppgåvene vi er sett til å gjennomføre, men i ein organisasjon som har eit slikt aktivitetsnivå og veks, er det viktig at vi heile tida jobbar med å gjere tenestene og organisasjonen betre. Til dette treng vi ein personalkonsulent som er strukturert og effektiv, er god til å skape relasjonar samt har evne til å sjå utviklingspotensiale i rutinar og arbeidsoppgåver.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming innan personal/HR etter statleg lov- og avtaleverk, til dømes tilsettingsprosessar (primært vitskaplege stillingar), permisjonar, opprykkssaker og fråtredingar
  • Personaladministrative driftsoppgåver
  • HR-rådgjeving, leiarstøtte
  • Mottak av tilsette/onboarding, inkludert mottak av utanlandske arbeidstakarar
  • Utvikling, kvalitetssikring og vedlikehald av rutinar og prosessar

Ved tilsetting som rådgjevar vil ein til stillinga kunne leggja til tyngre HR-oppgåver med sjølvstendig ansvar for eiga portefølje, samt HR-fagleg rådgjeving til eininga.

Kvalifikasjonskrav

For å bli vurdert for stillinga, må du

  • Ha relevant utdanning frå universitet eller høgskule, minimum tilsvarande bachelornivå. Det er ein fordel med HR, administrasjon, leiing eller personal- og arbeidsjus i fagkretsen, men ikkje eit krav. Manglande formell utdanning kan i særskilte tilfelle kompenserast ved lang og relevant erfaring innan arbeidsfeltet.
  • Ha relevant arbeidserfaring innan personal
  • Ha kjennskap til lov- og avtaleverk innan personalfeltet
  • Ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Ha generelt god IT-forståing og erfaring med MS Office

Vi ynskjer at du

  • Har kjennskap til statleg regelverk innan personalfeltet
  • Har erfaring frå personalforvaltning i statleg verksemd eller universitets- og høgskulesektoren
  • Har erfaring med å leggje til rette for tilsette som kjem frå utlandet
  • Det vil telle positivt om du har kjennskap til DFØs selvbetjeningsportal, SAP HR, ePhorte og Jobbnorge som rekrutteringssystem.

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer deg som

  • Er strukturert, effektiv og har god gjennomføringsevne
  • Er god til å forklare lover og regler innan personal for nokon som ikkje har kunnskap om dette
  • Er god til å skape relasjonar og samarbeidar godt med andre
  • Er fleksibel og kan tenkje på heilskapen
  • Kan jobbe både med løpande driftsoppgåver samt strategisk
  • Kan være ein positiv pådrivar i arbeidsprosessar og evner å halde i mange oppgåver samstundes
  • Initiativrik, fleksibel og open for nye innspel

Vi tilbyr

  • løn som seniorkonsulent (SKO 1363) kr. 534 400 - 574 700 (ltr. 59 - 63) og som rådgjevar (SKO 1434) kr. 563 900 - 626 100 (ltr. 62 - 68) vert fastsett etter individuell vurdering basert på kompetanse og erfaring
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar (https://www.uio.no/for-ansatte/ansettelsesforhold/velferd/)
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Les dette før du søker!Når vi skal vurdere søkjarane i første omgong, er vi meir opptekne av kor godt du fyller dei formelle kvalifikasjonskrava enn kor flink du er til å skrive en jobbsøknad. Derfor er det ekstra viktig at du skildrar kva du har gjort, kva du har oppnådd og andre ting du synes er relevante i fritekstfeltet når du fyller ut CV-en slik at vi får et så godt bilde av deg og kvalifikasjonane dine som mogleg. Det betyr også at du ikkje skal skrive eller legge ved et søknadsbrev.

Søknaden skal innehalde

  • CV
  • Kopi av relevante attestar og vitnemål
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Du søker gjennom rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

Personalrådgjevar Frøydis Gjerpe Bekkedal (kun ved spørsmål om elektronisk søknad) e-post: [email protected]

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS