Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Førstekonsulent - Senter for tverrfagleg forsking på rytme, tid og rørsle (RITMO)
Søknadsfrist: 16.05.2022
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.
RITMO er eit Senter for framifrå forsking finansiert av Noregs forskingsråd. Institutt for musikkvitskap er ansvarleg for RITMO, i nært samarbeid med Psykologisk institutt og Institutt for informatikk. For meir informasjon om RITMO, sjå www.uio.no/ritmo.
RITMO er eit forskingssenter med høge ambisjonar, mange internasjonale gjestar og tilsette, og mykje aktivitet. Nå søkjer vi ein drivande dyktig, positiv og serviceinnstilt administrator med stor kapasitet.
Arbeidsoppgåver
Stillinga byr på varierte oppgåver innanfor
Førstelinje og driftsoppgåver som handtering av post, rekvisitalager, nøklar og nøkkelkort
Praktisk organisering av arrangement ved senteret
Bestillinger via UiOs innkjøpssystem
Følgje opp tilsette på timelønn, inkludert lage kontraktar
Mottak og praktisk oppfølging av nye tilsette og gjesteforskarar, av desse mange med internasjonal bakgrunn
Kommunikasjon og nettsider i forbindelse med faglege arrangement, inkludert sosiale medier
Diverse sekretær-/støttefunksjonar på senteret
Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga.
Den som tilsettast vil vere første kontaktpunkt for gjestar og tilsette ved senteret, og må difor ha ei utprega serviceinnstilling. Senteret si verksemd er regulert av rutinar og regelverk på dei tre fakulteta og institutta som eig RITMO. Arbeidsoppgåvene er difor varierte og krev god forståing av organisasjonen.
Senteret har ein liten administrasjon som skal dekkje eit mangfald av arbeidsoppgåver innan forsking og generell drift. Det krevjast derfor fleksibilitet og stå-på-vilje av dei administrativt tilsette på senteret.
Førstekonsulenten er ein del av den administrative staben på Institutt for musikkvitskap og har administrativ leiar ved instituttet som sin næraste overordna, medan den administrative leiaren på RITMO leiar arbeidet.
Kvalifikasjonskrav
Utdanning frå universitet eller høgskule som minimum svarer til bachelornivå, relevant realkompetanse kan kompensere for kravet om utdanning
Framifrå kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg, på norsk og engelsk
Gode IT-kunnskapar og gjerne erfaring med elektroniske administrative system og nettpublisering
Det er ein føremon med erfaring frå tilsvarande arbeid frå universitets- og høgskulesektoren
Personlig eigna for stillinga
Vi ser etter søkjarar som:
evner å prioritere, og arbeide målretta og strukturert
er serviceinnstilte og ansvarsmedvitne
likar å jobbe med menneske og har gode samarbeidsevner
trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
evner å handtere mange oppgåver samstundes
er nøyaktig og kan levere sjølv med knappe tidsfristar
Vi tilbyr
lønn frå kr 461 300 til kr 524 900 per år, avhengig av kompetanse
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Administrativ leiar ved IMV, Nina Rundgren, telefon 40 20 27 99, e-post: nina.rundgren@imv.uio.no
Administrativ leiar ved RITMO, Anne Cathrine Wesnes, telefon 920 456 19, e-post: a.c.wesnes@imv.uio.no