Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingskonsulent (vikar) - Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk

Søknadsfrist: 16.05.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk består av fire faggrupper: Filosofi, idéhistorie, kunsthistorie og klassiske språk (gresk og latin). Instituttet er også ansvarleg for examen philosophicum ved UiO. IFIKK har rundt 110 tilsette.

Om stillinga

Ei mellombels stilling som førstekonsulent SKO 1408/ seniorkonsulent SKO 1363 er ledig ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk. Stillinga er ledig frå no, og fram til 1. juli 2022.

Vi ser etter ein sjølvstendig og interessert medarbeidar til ei mellombels stilling innan forskingsadministrasjon. Instituttet er vertskap for fleire store forskingsprosjekt, og har mange aktive internasjonale forskarar.

Forskingsaktiviteten ved instituttet er stor, og vi har mange arrangement kvart år. Instituttet ber òg preg av at vi tek imot mange internasjonale gjesteforskarar for kortare eller lengre periodar.

Stillinga inngår i instituttet sin administrative stab, som for tida utgjer 15 personar. Den som vert tilsett vil samarbeide tett med forskingsrådgivaren og med prosjektleiarane på større forskingsprosjekt.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativ oppfølging av eksternfinansierte prosjekt
  • Administrativt ansvar for instituttet si seminar- og konferanseverksemd knytta til forskingsprosjekt og forskergrupper
  • Praktisk arrangementsplanlegging og –gjennomføring
  • Tilrettelegging og mottak av gjester og nytilsette
  • Oppdatering av nettsidene til prosjekta ved arrangement, osb.
  • Registrering av publikasjonar i Cristin
  • Administrative oppgåver knytt til forskarutdanninga ved instituttet
  • Andre forskingsadministrative oppgåver som arkivering, vedlikehald av rutinar, osb.

Det kan òg bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonskrav

  • utdanning minimum tilsvarande bachelornivå (men ein fordel med mastergrad). Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
  • gode kommunikasjonsevner
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren

Personlege eigenskapar

Vi ser etter søkarar som:

  • er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert
  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • lønn frå kr. 451 700 til kr. 516 400 per år, avhengig av kompetanse for stilling som førstekonsulent
  • lønn frå kr. 490 600 til kr. 566 700 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seniorkonsulent
  • eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • god pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • stilling i ei IA-verksemd, gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida

Ved tilsetting i stilling som seniorkonsulent vil det bli stilt større krav til sjølvstende og kompetanse.

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • vitnemål

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga: Administrativ leiar ved IFIKK Karen Haugland

For spørsmål om korleis søke:personalrådgivar Julie Tøllefsen

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS