Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Forskingskonsulent (førstekonsulent) - vikariat (Institutt for arkeologi, konservering og historie)

Søknadsfrist: 01.01.2024

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH) er satt saman av tre fag som på kvar sin måte granskar fortida. Instituttet har eit internasjonalt orientert miljø i arkeologi, den einaste konserveringutdanninga i landet og det største historikarmiljøet i Norden. Instituttet har i underkant av 100 tilsette, inklusive stipendiatar og postdoc. Undervisninga omfattar arkeologi frå steinalderen til mellomalderen, gjenstands- og malerikonservering, og historie frå antikken til vår tid.

Om stillinga

Vikariat som forskingskonsulent (førstekonsulent SKO 1408) er ledig ved Institutt for arkeologi, konservering og historie frå 1. mars til 31. desember 2024.

Den blir tilsett vil ha arbeidsoppgåver i et administrativt forskingsstøtteteam som arbeider med aktivitetar og drift av instituttets forskargrupper, forskingsprosjekt og forskarskuler.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativ bistand til forskargrupper og forskingsprosjekt.
  • Administrativ planlegging (budsjettering, reisebestillingar og kjøp mv.) og praktisk gjennomføring (fysisk og digitalt) av seminar- og konferanseverksemd knytt til forskingsprosjekt og forskargrupper.
  • Kartleggje kjelder til ekstern nasjonal og internasjonal finansiering, med vekt på Noregs forskingsråd og EU.
  • Gje støtte til forskarar som søker om ekstern finansiering frå finansiørar, medrekna arbeid med søknadsbudsjett.
  • Administrativ støtte i tilsettingskomitear.
  • Oppdatering av nettsider.

Stillinga krev ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengde, og arbeidsoppgåvene vil variere ut frå korleis de blir fordelt i teamet.

Ved behov kan andre oppgåver bli lagt til stillinga.

Kvalifikasjonskrav 

  • Utdanning minimum tilsvarande bachelornivå. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
  • Kan forstå og setja opp enkle budsjett.
  • Svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Gode IT-kunnskapar og digital kompetanse.
  • Relevant erfaring frå tilsvarande arbeid innanfor universitets- og høgskulesektoren.
  • Erfaring frå prosjektadministrasjon og annet relevant administrativt arbeid knytt til forskingsstøtte.
  • Kjennskap til nasjonale og internasjonale finansieringsordningar for forsking og høgare utdanning.
  • Personleg dugleik og motivasjon for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter søkarar som:

  • er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske.
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • har evne til å arbeide målretta og strukturert.
  • er sjølvstendige, initiativrike og løysningsorienterte.
  • trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr

  • løn som førstekonsulent kode 1408 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 502 300,- og kr 565 900, avhengig av kompetanse
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV

Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem, klikk “Søk stillinga”.

Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.

Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.

Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi

medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Dersom det er kvalifiserte søkere med nedsett funksjonsevne, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst én søker i hver av disse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga: seniorrådgivar Ingrid Stange Ytterstad

For spørsmål om rekrutteringsprosessen: HR-rådgivar Karoline Farbrot

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS