Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Eksamenskonsulent - Psykologisk institutt

Søknadsfrist: 20.05.2021

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Om stillinga

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, søkjer førstekonsulent (SKO 1408) / seniorkonsulent (SKO 1363) til fast stilling som eksamenskonsulent. Den som blir tilsett vil få ansvar for eksamensadministrasjon knytt til studieprogramma innan psykologi.

Stillinga vil inngå i instituttet sin studieseksjon med 8 tilsette og føreset eit tett samarbeid med dei emneansvarlege og dei andre i studieadministrasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsamingsoppgåver knytt til eksamen og kvalitetssystemet ved instituttet
  • Registrering av eksamensresultat og handsaming av klagesaker
  • Eksamensplanlegging
  • Noko rettleiing av studentar
  • Moglegheit for andre studieadministrative oppgåver avhengig av kapasitet og behov

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning på minst bachelornivå. Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet dersom kandidaten kan dokumentere evne til å meistre oppgåver på det aktuelle nivået
  • Relevant arbeidserfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Kompetanse som kan vere ein fordel: god kjennskap til UiO-arbeidsverktøy, mellom anna Felles Studentsystemt (FS), Inspera, Canvas og TP.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning
  • Vi legg vekt på at personen høver i stillinga

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, nøyaktig, effektiv og systematisk
  • Gode samarbeidsevner
  • Må kunne tenke langsiktig og være flink til å planlegge
  • Må kunne handtere periodar med høgt arbeidspress

Vi tilbyr

  • Stilinga vert løna som førstekonsulent (stillingskode1408) med løn frå kr. 466 500 - kr. 516 400 pr.år eller som seniorkonsulent (stillingskode 1363) med løn frå kr. 482 200 - kr. 566 700 pr.år avhengig av kompetanse
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse

For tilsetjing som seniorkonsulent blir det ein føresetnad at det blir lagt utviklings- og koordinerande oppgåver til stillinga. Dette vil avhenge av kompetansen til den som blir tilsett.

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev med skildring av relevant bakgrunn og jobberfaring
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kontaktinformasjon

  • Avdelingsleiar Jostein Eikrem Koløen tlf.: 22 85 42 88, e-post: [email protected]
  • Personalrådgjevar: Frøydis Gjerpe Bekkedal tlf.: 22 84 51 18, e-post: [email protected] (kun ved spørsmål om elektronisk søknad)

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS