Ledig stilling ved Statistisk sentralbyrå

Førstekonsulent / rådgivar - Avdeling for person- og sosialstatistikk

Søknadsfrist: 17.08.2020

Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet.


SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.


Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Har du lyst til å jobbe med helse-, omsorg- og sosialstatistikk?

I Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk er det ledig ei fast stilling som førstekonsulent/rådgivar.

Seksjonen produserer ei rekkje offisielle statistikkar innanfor helse- og omsorgstenester og velferdstenester, og er ein viktig bidragsytar til kunnskapsgrunnlaget på desse sentrale samfunnsområda. Seksjonen har blant anna ansvaret for statistikken på fleire tenesteområde som inngår i Kommune-stat rapporteringa (KOSTRA), for statistikk over spesialisthelsetenester og for statistikkar der opplysingar blir henta frå ulike register og forskjellege intervjuundersøkingar. Sistnemnde gjeld til dømes den europeiske helseundersøkinga (EHIS), rusundersøkinga og andre undersøkingar seksjonen er fagleg ansvarleg for. Seksjonen har utstrekt dialog med forskjellege rapportørar og ulike fagdepartement med underliggjande etatar og fagdirektorat, og er dessutan involvert i internasjonalt statistikksamarbeid på ulike område og i ulik utstrekning. Det gjeld både samarbeid i Norden, i OECD-området og med EU (Eurostat). Seksjonen rapporterer til dømes data og statistikk over arbeidsulukker årleg til Eurostat. Seksjonen samarbeider mykje med lokale, regionale og statlege styresmakter i datainnsamling, statistikkproduksjon og analysearbeid, og ønskjer å vere ein pådrivar i utvikling av ny og viktig statistikk.

Seksjon for helse-, omsorg- og sosialstatistikk er ein av seks seksjonar på avdeling for personstatistikk.

Arbeidsoppgåver

  • Produsere og publisere offisiell statistikk som brukarar har behov for
  • Leggje til rette, analysere og utlevere data på oppdrag frå samarbeidspartnarar
  • Sørgje for å vidareføre og vidareutvikle statistikkområda til seksjonen
  • Kvalitetssikre og klargjere data for bruk i statistikkproduksjon og analyse
  • Bidra til å ivareta ein konstruktiv dialog med viktige samarbeidspartnarar
  • For stillingskode som rådgivar vil det bli stilt høgare krav til sjølvstende i oppgåveløysinga

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på hovudfags-/masternivå, helst statsvitar, samfunnsøkonom eller annan samfunnsvitskapleg utdanningsbakgrunn. Relevantarbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Erfaring frå statistikkproduksjon og gjennomføring av statistiske undersøkingar er ein fordel
  • Gode IT-kunnskapar, til dømes i bruk av analyseverktøy som SAS EG, Python eller tilsvarande
  • God munnleg og skriftleg i norsk og engelskDet er ønskjeleg med:
  • Erfaring frå bruk og forvalting av register- og persondata
  • For tilsetjing som rådgivar blir det stilt krav til god kjennskap til statistikkproduksjon og dataanalyse

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig, metodisk og likar å arbeide med tal
  • Evne til å følgje opp fleire problemstillingar, samtidig som fristar blir haldne
  • Analytisk og oppteken av å trekkje ut og presentere essensen av komplekse problemstillingar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk, samtidig som ein må like å samarbeide med andre
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

Vi tilbyr

  • Løn som førstekonsulent/rådgivar (kode 1408/1434) i lønsspenn frå kr 456 400 til 552 800 etterkvalifikasjonar
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø

Generelt:

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagd ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing.
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma.
  • Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, alder, nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Søkjarar som opplyser om at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV, må vere innforstått med at denne opplysinga kan brukast til registreringsformål, jf. arbeidet til regjeringa med inkluderingsdugnaden.
  • Som IA-verksemd legg vi forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Webcruiter-ID: 4260509031

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

  • Arne Jensen (Seksjonssjef), 99 71 22 45, arne.jensen@ssb.no
Powered by Labrador CMS