Ledig stilling på Universitetet i Oslo
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
PhD-konsulent / koordinator (Psykologisk institutt)
Søknadsfrist: 26.08.2024
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.
Om stillingen
Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, søkjer ein dyktig administrativ koordinator for Ph.d.-programmet i psykologi i fast stilling som seniorkonsulent SKO1363 / Rådgjevar SKO 1434.
Psykologisk institutt har høg aktivitet og er Norge sitt høgast rangerte miljø for psykologi. Våre forskarar hevdar seg med fagleg sterke forskingsmiljø med høg søknadsaktivitet og ein innhaldsrik prosjektportefølje inkludert fleire ERC-prosjekt. Instituttet er i sterk vekst og får eit stadig meir internasjonalt miljø som stiller høge krav til vår administrasjon. Studietilbodet er eit av Noreg sine mest populære og omfattar i tillegg til forskarutdanninga (Ph.d.-grad), profesjonsstudiet i psykologi, bachelorprogram, masterprogram og årseining i psykologi.
Stillinga vil inngå i instituttet sin studieseksjon med 10 tilsette. Stillinga får eit koordinerande ansvar for Ph.d.-utdanninga ved instituttet som krev tett samarbeid med programleiing, Ph.d.-kandidatar, emneansvarlege og dei andre tilsette i administrasjonen ved instituttet. Forskarutdanninga føreset vidare godt samarbeid med Det samfunnsvitskaplege fakultetet og den som blir tilsett vil være instituttet sin kontaktperson i fakultetet sitt administrative nettverk for Ph.d.-utdanning.
Arbeidsoppgaver
- Administrativ koordinering av Ph.d.-programmet ved Psykologisk institutt, inkludert opptak til programmet, oppfølging av kandidatane og framdriftsrapportering.
- Kvalitetssikring av utdanningsplanar, time- og eksamensplan for opplæringsdelen, studiekvalitet og informasjon på Ph.d.-programmet.
- Ansvar for nærings- og offentleg Ph.d. i samarbeid med forskingsadministrasjonen ved instituttet.
- Førebuing og oppfølging av saker for Ph.d.-utvalet ved instituttet i samarbeid med programleiing.
- Sakshandsaming og kvalitetssikring i avslutninga av Ph.d.-studiet, frå innlevering av avhandling og fram mot disputasen.
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga dersom omsynet til instituttets verksemd tilseier dette. Vi ynskjer difor en person som er fleksibel og løysningsorientert som kan hjelpe til med å løyse instituttets oppgåver når det trengs.
Kvalifikasjonskrav
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Dokumentert relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
- Relevant arbeidserfaring.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Kompetanse og erfaring som vil vere ein fordel:
- Erfaring og kjennskap til offentleg forvaltning og UH-sektoren
- Kjennskap til godkjenning, regelverk for Ph.d. og personvern (REK, SIKT m.m.)
- Erfaring frå studieadministrativt arbeid eller Ph.d.-utdanning.
- Kjennskap til og erfaring med UiO-arbeidsverktøy, mellom anna Felles Studentsystemt (FS), EpN, TP, DFØ-system, ePhorte m.m.
Plassering i stilling som seniorkonsulent eller rådgjevar vil avhenge av kompetanse og erfaring. Ved tilsetting som rådgjevar vil ein til stillinga kunne leggja til utviklingsoppgåver og meir koordinering av tenester og/eller andre oppgåver som føreset særleg spisskompetanse innan tilsvarande felt som seniorkonsulent.
Personlige egenskaper
Vi tilbyr
- Ein spanande arbeidsplass med hyggelege kollegaer, både administrativt og vitskapleg tilsette
- Løn som seniorkonsulent (SKO 1363) kr. 557 100 - 624 500 pr år, løn som Rådgjevar (SKO 1434) kr. 604 900 - 657 300 pr år, avhengig av kompetanse og erfaring
- Stilling i ei IA-verksemd
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
- Trening i arbeidstida
- God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
Søknaden skal inneholde
- Søknadsbrev
- CV
- Evt. vitnemål, attester, liste med 2-3 referanser (navn, tilknytning til søker, epostadresse og telefonnummer)
Søknad (evt. med vedlegg) må sendes inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge.
Andre opplysninger
Aktuelle søkere vil bli innkalt til intervju.
I henhold til offentlighetsloven § 25, 2. ledd kan opplysninger om søkeren bli offentliggjort selv om søkeren har anmodet om ikke å bli oppført på søkerlisten.
Evt. ved lederstilling med mindre enn 40 % kvinneandel: Kvinner oppfordres spesielt til å søke.
Inkludering og mangfold er en styrke. UiO har et personalpolitisk mål om å oppnå en balansert kjønnssammensetning og rekruttere personer med innvandrerbakgrunn.
Videre ønsker vi medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiver. Vi vil tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkere med funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, skal vi innkalle minst én søker i hver av disse gruppene til intervju.
Kontaktinformasjon
- Avdelingsleder: Jostein Peter Eikrem Koløen, tlf:22854288, epost: j.p.e.koloen@psykologi.uio.no
- HR konsulent: Håvard Norgård Berger, tlf: 22845118, e-post: h.n.berger@psykologi.uio.no
Søk på stillingen