Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Seniorkonsulent rekneskap i økonomiseksjonen - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 15.01.2020

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.


Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Vi søkjer etter ein dyktig seniorkonsulent som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og forståing for servicerollen. Er du vår neste kollega?

Stillinga høyrer heime i økonomiseksjonen. Stillinga er spanande og byr på interessante faglege utfordringar. Seniorkonsulenten skal bidra til at fakultetet får eit rekneskap med høg kvalitet, slik at ein sikrar best mogeleg vilkår for forsking og undervising ved fakultetet. Det er gode mogelegheiter for å vera med på å utvikla stillinga. Økonomiseksjonen har 14 årsverk og stillinga er underlagd seksjonsleiar.

Økonomiseksjonen leverer tenester innan fire hovudområder: prosjektstyring, økonomistyring, rekneskap og innkjøp. UiO er inne i ein fase med fleire digitaliserings- og effektiviseringsprosessar som vil påverke måten vi jobbar på. Vi tilbyr gode moglegheiter for å være aktivt med på desse prosessane.

Rekneskapet på UiO vert gjort på to nivå. Sentraladministrasjonen har ansvaret for årsavslutning, avstemmingar og kontroll, medan fakultet har ansvaret for den operative bilagshandteringa.

Arbeidsoppgåver

  • Operativ bilagshandtering. Til dømes inngåande faktura, fakturering, periodiseringar og omposteringar
  • Deler av fakultetet sine innkjøp kan bli lagt til stillinga
  • Hjelpe til ved periodeavslutningar og årsrekneskap
  • Sikra effektiv utnytting av verktøy og driftsoppgåver innan fagområdet
  • Sikra god dialog med, og oppfølging av, fakultetet sine einingar på rekneskapsområdet
  • Rådgjeving i rekneskapsspørsmål
  • Bidra til nytenking og vidareutvikling i organisasjonen på sitt fagområde

UiO er inne i fleire endringsprosesser så ein må rekne med endringer i arbeidsoppgåvene innan fagfeltet

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant høgare utdanning frå universitet eller høgskule på minimum Bachelornivå. Minimum 3 års relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • God IT-forståing og evne til å arbeide godt på digitale flater
  • God evne til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad

Nyutdanna vert oppfordra til å søkje stillinga

Den vi ser etter er:

  • ein god samarbeidspartner
  • resultat- og utviklingsorientert, med god gjennomføringsevne
  • nøyaktig og effektiv
  • sjølstendig
  • god til å presentera økonomi for ikkje-økonomar
  • serviceinnstilt og har godt humør

Vi tilbyr

  • Løn som seniorkonsulent kode 1363 vert fastsett etter individuell vurdering innan eit spenn mellom kr 472 000 og kr 583 900, avhengig av kompetanse
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev
  • CV
  • Attestar og vitnemål
  • Liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Universitetet i Oslo har ein overtakingsavtale for alle tilsette, med formål å sikre rettane til resultat av arbeid m.m.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS