Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Studiekonsulent - TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur

Søknadsfrist: 22.10.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur (TIK) er eit tverrfagleg senter med 40 tilsette som driv forsking, undervising og formidling innan fagfelta innovasjon og vitskaps- og teknologistudier (STS). Senteret er underlagt Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Ein stor del av senteret sin aktivitet er knytt til forskingsprosjekt finansiert av eksterne finansiørar. Utdanningstilbodet omfattar forskarutdanning (ph.d.-program) og to masterprogram. Senteret er vertskap for OSIRIS (Oslo Institute for Research on the Impact of Science).

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur er det ledig ei fast stilling som studiekonsulent (seniorkonsulent SKO 1363). Studiekonsulenten skal ha administrasjon av senteret sine to masterprogram som særskild arbeids- og ansvarsområde. I tillegg vil ein del av stillinga dekka funksjonen som nettredaktør ved senteret. Det kan og verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativ koordinator for masterprogramma til TIK (kvalitetssikring av studietilbodet, mottak og oppfølging av studentar, sakshandsaming, opptak, avvikling av eksamen, sensur, planlegging av undervisning, oppfølging av vegleiarar og sensorar, utviklingsoppgåver)
  • Sekretær for programrådet, herunder oppfølging av vedtak.
  • Superbrukar for FS, Canvas, AURA og Inspera
  • Administrasjon av internasjonal studentutveksling
  • Nett-redaktør for heimesidene til TIK-senteret
  • Ein gjer merksam på at nokre av arbeidsoppgåvene i stillinga kan bli endra.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning frå universitet eller høgskule med samfunnsfag eller humaniora i fagkretsen, minimum tilsvarande bachelornivå. Dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • Relevant studieadministrativ erfaring frå universitet eller høgskule
  • God kjennskap til aktuelt regelverk
  • Kjennskap til felles studentsystem (FS), nettredigeringsverktøyet Vortex, sakshandsamingsystemet ePhorte, vurderingssystemet Inspera og læringsplattforma Canvas er ønskeleg.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk er ein føresetnad.

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til å handtere og organisere fleire oppgåver samstundes
  • Kunne jobbe sjølvstendig, systematisk og nøyaktig
  • Evne til å skape god kontakt med studentar og vitskapleg tilsette
  • Serviceorientert

Den som vert tilsett må kunne yte ein ekstra innsats i periodar med stor arbeidsmengd

Vi tilbyr

  • Jobb i ein solid og dynamisk organisert administrasjon i eit inspirerande undervisings- og forskingsmiljø
  • Løn som seniorkonsulent (SKO 1363) kroner 496 100 - 573 100 avhengig av kompetanse
  • Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • Trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Relevante vitnemål, attestar og liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad med vedlegg må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen